Informasjon frå Laboratoriet
Grunna auka etterspurnad etter aluminiumanalysar, i samband med saka om drikkevatnet på Kyrkjebø, ønsker vi å informere om at Helse Førde ikkje utfører denne analysen.
Publisert 02.07.2026
Sist oppdatert 21.08.2026
I samband med sak om forhøga aluminiumsverdiar i drikkevatnet på Kyrkjebø, registrerer vi at det kjem førespurnader om aluminiumanalyser frå rekvirentar. Vi ønskjer å informere om at analysen ikkje blir utført i Helse Førde.
Haukeland universitetssjukehus har for tida langvarig driftsstans på metoden for aluminium i serum, og prøvene blir difor sendt vidare til St. Olavs hospital for analyse. Haukeland informerer om at rekvirent sender aktuelle prøver direkte til St. Olavs hospital. Analyseresultat blir sendt direkte frå St. Olav til rekvirent, og kostnad blir fakturert rekvirent.
Adresse for direkte sending til St. Olavs hospital:
Felles prøvemottak v/Laboratoriesenteret
Erling Skjalgssonsgate 1
7030 TRONDHEIM
Erling Skjalgssonsgate 1
7030 TRONDHEIM
VAT nr.: NO883974832
Kontaktperson: Tone Dypdalsbakk
E-post: Tone.Dypdalsbakk@stolav.no
Telefon: 72 57 31 67
E-post: Tone.Dypdalsbakk@stolav.no
Telefon: 72 57 31 67
Ønskjer også å belyse eit behov for samordna fagleg forståing hos rekvirentar om:
- indikasjon for prøvetaking
- kva pasientgrupper som eventuelt bør vurderast for testing
-
korleis analysesvar skal tolkast og følgjast opp
Ta gjerne kontakt ved spørsmål.