Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Samhandlingsnytt

Klinisk skrøpelegheitsskala (CFS)

Klinisk skrøpelegheitsskala (Clinical Frailty scale – CFS) er eit skreeningverktøy for vurdering av skrøpelegheit hos eldre. Det er eigna som eit godt samhandlingsverktøy på tvers av tjenester og vi oppfordrar alle fastlegar til å ta i bruk dette!

Publisert 17.09.2026
Jo eldre vi blir, jo meir ulike blir vi. Nokon er spreke og klarar seg godt sjølv, medan andre har funksjonsnedsettingar og behov for hjelp i kvardagen. Vurdering av skrøpelegheit er difor eit bedre bilde på pasientens helsetilstand enn om ein kun ser på alder slik ein tidlegare ofte har gjort. Vurdering av skrøpelegheit er viktig som ledd i persontilpassa behandling:
  • Optimalisering og forebygging for å unngå funksjonssvikt.
  • Identifisere kven som kan ha behov for auka hjelp.  
  • Vurdere risiko for komplikasjonar og prognose.
  • Støtte når ein gjer behandlingsval.
  • Opnar opp for førehandssamtalar og behandlingsavklaring ved livsbegrensande eller alvorleg langvarig sjukdom.
I mars gjekk alle direktørane ved dei store helseforetaka ut i Dagens medisin og påpeika viktigheita av skrøpelegheitsvurdering: Skrøpelige eldre – hva gjør vi?
Når alle har eit forhold til CFS og pasientane vert skåra jamnleg, vil CFS understøtte kommunikasjonen mellom sjukehus, fastlegar og andre kommunale tjenester for å sikre gode overgangar for pasientane.
Vi oppfordrar difor alle fastlegar til å skrive CFS (med dato for skår) i henvisningar til sjukehuset.
Her eksempel på CFS i henvisning til pakkeforløp kreft: Henvisning til pakkeforløp - Helsedirektoratet
Sjå nettsida frå Helsedirektoratet for opplæring i skåring (informasjon inkludert introfilm, webinar og kort E-læringskurs på 15 min): Klinisk skrøpelighetsskala (CFS) - Helsedirektoratet
CFS er ikkje åleine bakgrunn for beslutningar men gjer oss merksame på at pasienten høyrer til ei gruppe med ein gitt risiko, slik at vi kan gjere vurderingar og tiltak med pasienten i hovudfokus. Med mål om å unngå underbehandling av dei sprekaste og unngå overbehandling av dei som lev med høg grad av skrøpelegheit!
Fagleg samarbeidsutval – Eldre som lev med skrøpelegheit vart oppretta i vår og det er no sett ned ei arbeidsgruppe skal som jobbe med implementering av CFS i heile helsefellesskapet i gamle Sogn og Fjordane.
 
Normaltariffen opner for å bruke takst 617 ved vurdering av skrøpelegheit (CFS score). 
 
Saka er utarbeidd i samarbeid med Stine Voll Aasen (Overlege medisinsk avdeling)