Møte med kvinneklinikken 5. november 2026
Samhandlingslegane hadde møte med Kvinneklinikken 5. November 2026. I møtet deltok: Trude Folkestad, Silje Fraas Øren, Tom Guldhav og Astri Rege frå Kvinneklinikken. Samhandlingslegane i Helse Førde: Camilla E. Savland og Anita Sørheim.
Nokre viktige punkt frå møtet som vi ønsker å dele:
-
Henvisninger:
Kvinneklinikken formidlar at mange henvisninger har lav kvalitet, 50% eller meir av henvisningane manglar informasjon om gynekologisk undersøking. Gynekologisk undersøking er ein grunnleggande ferdighet i allmennpraksis. Det er forventa at alle fastlegar og allmennlegar i Noreg beherskar denne prosedyren. Mangelfulle henvisninger medfører at det blir vanskeleg å vurdere hastegrad og går utover pasientsikkerheita. (For eksempel har dei opplevd at kvinne med openberr synleg kreft venta 6 månadar på undersøking, dette kunne ha vore unngått om allmennlegen hadde undersøkt kvinna). Kvinneklinikken gir uttrykk for at det er enkelte legar som går igjen, samt vikarar. Oppfordrar kollegaer til å ta dette opp til diskusjon på kontoret og i smågrupper. Snakk med kommunen og prøv å finne gode løysingar, dersom dette er ei utfordring på ditt kontor.
-
Dialogmeldingar:
Kvinneklinikken hadde tidlegare utfordringar med å svare ut dialogmeldingar, det er no avsett tid til dette. Men det blir påpeikt at 60-70% av dialogmeldingane er unødige. Dialogmeldingar skal kun brukes på pasientar som alt er i eit behandlingsforløp på kvinneklinikken. Man kan ikkje forvente svar på dialogmeldingar for pasientar som ikkje er i et behandlingsforløp. Når det gjeld problemstillingar der kvinna ikkje er i eit behandlingsforløp, må vi anten finne svar sjølve eller henvise, dersom det er indikasjon for det. Fleirtalet av dialogmeldingane dreier seg om hormonbehandling i overgangsalder, allmennlegane blir oppfordra til å søke opp denne informasjonen sjølve feks: Metodebok
-
Epikriser:
Kvinneklinikken vil sjå på innhald og struktur på epikrisene. Det blir sendt ut ein del informasjon som kanskje ikkje er like nyttig for allmennlegen. Faren med dette er at viktig informasjon kan "drukne" i mykje tekst. Det blir påpeikt at det vil være nyttig om man kunne legge ekstra arbeid i å skrive gode vurderingar. Til dømes bør det komme tydeleg fram i epikrisa, dersom kvinna har hatt svangerskapskomplikasjoner som medfører økt fare for hjarte/karsjukdom seinare i livet. Dette er informasjon som vil være viktig at fastlegen tar opp med kvinna på 6 vekers kontrollen.
Nokre enkeltsaker:
Oppstart ASA i svangerskap:
I forkant av møtet fekk vi spørsmål frå kollega om rollen til fastlegen med tanke på vurdering av høgrisikosvangerskap og evt. oppstart av Albyl E. På NEL heiter det: "Fastlege vurderer forebyggende behandling med lavdose ASA (fra svangerskapsuke 12)", videre finnes det på NEL eit skjema som heiter "høy risiko for preeklampsi, kalkulator". Vi får tilbakemelding om at gynekologane er takknemlege om vi som fastlegar gjer dette på første svangerskapskontroll og startar opp med Albyl E der dette er indisert. Dersom dette ikkje har blitt gjort på første svangerskapskontroll, vil det truleg bli fanga opp når kvinna er på tidleg ultralyd, men det kan være ein fordel om fastlegen også vurderer dette for å unngå at det glipper.
Mammasjukdomar
Utanfor Noreg er mammasjukdomar ein del av gynekologi. I Noreg tilhøyrer det kirurgi. Dette er litt vanskeleg for våre utanlandske fastlegekollegar. Kvar veke kjem det mange henvisingar til gyn på funn i mamma, det kan vere kular, smerter, inndragningar osv. Desse skal henvisast radiologisk avdeling og/eller kirurgi. Kvinneklinikken sender henvisinga vidare med ein gong, men dette medfører alltid ei forseinking i prosessen. Henvisingane kan ligge eit par dagar på KK før den vert vurdert, så vert den overført kir, der den også kan ligge eit par dagar før undersøkjingar vert iverksett. Håper de kan ta med dette som tema på kontoret/ smågrupper og ved opplæring av vikarer/ nye legar.