Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Samhandlingsnytt

Nytt frå labratoriet

Informasjon frå møte mellom labratoriet og samhandlingslegane 28. mai 2026

Publisert 24.08.2026

Nytteverdi RetHB og Elfo

Protein ELFO reduserast no på kreft, kan også reduserast i primærhelsetenesta. Er truleg overrekvirering som gir liten nytte.

Ret HB utførast på ulike maskiner i Helse Førde, og analysen gir liten verdi om det er ikkje er gitt på rett indikasjon. Forelått tatt ut av analysepakkar, kan bestillast individuelt ved behov i staden.

Labanalyse

Labanalysar i Helse Førde er vår brukarhandbok og nettside for informasjon til rekvirentar, samt bestilling av prøvetakingsutstyr. Her finn ein korrekt informasjon om våre tilbod. Analyseoversikten som er Helse Bergen si side har dels overlappane informasjon, men der kan vere ulik info basert på at vi har forskjellig instrumentpark, kontaktinformasjon og prøvetakingsutstyr mellom anna.

Pasientens prøvesvar

Løysing klar til å kople på. Nytt infomrasjonmateriale og mindre endringar er gjort etter utprøvingsperiode. I vårt område har hittil berre eitt legekontor starta med løysinga, innmelding av legekontor frå KS tek litt tid. Prosjekt jobbar vidare med dette, vi oppfordrar kommunar til å starte prosess med etablering.

Pasientens rekvisisjonar

Løysing for pasientens rekvisisjonar er under utarbeiding. Pilotering foregår, mål om oppstart i 2027

Informasjon frå mikrobiologisk avdeling

Det er oppdatert krav til primærhelsetenesta for malariaprøvar. Har vore tilfelle med sein levering og manglande informasjon. Sending av prøvar skal varslast, og rekvirent må oppgi telefonnummer.

Nytt instrument for Chlamydia og Gonore gir skifte av transportmedium. No blir det ulike glas for ulike prøvemateriale, tilsvarande glas for mycoplasma genitalium på HUS. Overgangsperiode på ca 6 mnd der vi tek imot både nye og gamle glas.