Samhandlingsnytt
PH papir på legevakt
Augeavdelinga har gitt tilbakemelding om at dei ved fleire høve har tatt imot pasientar som ein ikkje får avklart ferdig skylt/ ikkje skylt på legevakt, fordi ein manglar pH-papir. Ber derfor om at medisinsk faglig ansvarlig sørger for at det blir tilgjengelig pH papir på alle legevakter/kontor.
Publisert 15.10.2026
Etseskader
Etseskader og kjemisk irritasjon på auge er ein relativt vanlig problemstilling på legevakt. Heldigvis er alvorlege etseskader på auge svært sjeldan, og dei fleste treng verken tilsyn eller behandling av spesialisthelsetenesta.
Skylling
Den viktigste behandlinga ved etseskade er utvilsomt skylling. Den største skaden skjer i sekundane/minuttane etter eksponering, og skylling bør starte på skadestedet. Blir pasienten henta med ambulanse skal skyllinga fortsette i ambulanse. Om ein ikkje har andre opplysningar om skylling skal ein skylle minst 30 minutt før ein kan ta pause. Behandlingsmålet er å normalisere pH, som skal vere mellom 7-8. Ta 5 minutter pause mellom skylling og måling. Brukt evt. det andre auget som referanse om det ikkje er affisert. Legevakt bør ha utstyr til å måle pH ved etseskader. Er ikkje pH tilfredstillande fortsetter skyllinga.
Barn eller pasienter med dårleg samarbeidsevne må ved alvorleg etseskade sederast eller om mulig leggast i narkose, for tilstrekkeleg skylling. Då lyt spesialisthelsetenesta involverast frå starten av.
-
Ein kan skylle med NaCl 9mg/ml, Ringer eller BSS.
-
IV-stativ der ein drypper direkte på auget eller koplar på skyllelinse - begge deler fungerer bra, men erfaringa er at direkte drypping er å foretrekke dersom ein har personalressurser til det.
-
Bøtte, handduk og plast på puta som leder væska ned i bøtte.
-
Topikal anestesi før og evt. under skylling.
Det viktigste er at ein kjem igang med skylling på ein eller annan måte. Om det ikkje blir heilt perfekt så er det bedre enn at pasienten venter på at de rigger til.
Vurdering av skade
Godt over 90% av etseskader er lette skader. HMS-tiltak og mindre tilgang på konsentrerte kjemikalier har ført til at alvorlige etseskader no er svært sjeldne.
Få god anamnese på skademekanisme og produktblad på det aktuelle kjemikalie. Kontakt giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom ein er usikker på noko.
Ein lyt undersøke visus med synstavle (gjerne med topikal anestesi dersom pasienten har vansker for å holde auget åpent) og farge med fluorescein for å sjå etter epitelskade. Inspisere slimhinnefornices oppe og neda etter fremmedlegeme/rester av kjemikalier, vurdere vaskularitet i slimhinner og gjennomsiktighet av hornhinna.
-
Kjenneteikna ved ein lett skade er at auget er raudt og irritert, men at hornhinna er klar og gjennomsiktig - altså at det er lett å sjå detaljer i regnbogehinna og pupillen. Det er gjerne ein beskjeden epitelskade på hornhinna som gir smerter/lysskyhet/tåreflod, men pasienten har oftest normalt eller lett redusert syn.
-
Er hornhinna blakka og/eller det er iskemiske forandringar i slimhinner (kvite, karlause områder, koagulert som eggekvite) er det teikn på ein alvorleg skade.
Kontakt med spesialisthelsetenesta
Ta kontakt med vakthavande augelege dersom det er meldt ein etseskade. Augeavdelinga har døgnvakt heile året. Saman kan de legge ein plan for pasientforløpet. Hold dialog om klinikk og funn, dei fleste pasientar vil ikkje ha behov for tilsyn av augelege.
Saka er utarbeidd i samarbeid med Andreas Dahl, Overlege, Avdelingssjef augeavdeling HFD