Vestlandslegen i Helse Førde: Informasjon om UiB-stillingar og tilsettingsvilkår
Helse Førde er godt i gang med førebuingane til Vestlandslegen, den nye regionale modellen for medisinutdanning på Vestlandet. Frå hausten 2028 skal medisinstudentar gjennomføre dei tre siste studieåra ved campus Førde, og arbeidet med å byggje opp undervisningskapasitet, organisasjon og fagmiljø er allereie i gang.
For Helse Førde inneber Vestlandslegen nye oppgåver innan undervisning, rettleiing, eksamen, fagutvikling og administrasjon. Samtidig gir satsinga ei viktig moglegheit til å styrkje fagmiljøa og samarbeidet med Universitetet i Bergen (UiB).
Delte stillingar skal gi tid til undervisning
Eit sentralt spørsmål er korleis undervisningsoppgåvene skal fordelast mellom UiB og Helse Førde. For å sikre nok undervisningskapasitet ved campus Førde er det planlagt fleire delte stillingar. Her skal legar kombinere klinisk arbeid med undervisning, rettleiing og andre akademiske oppgåver.
Både 80/20- og 100/20-stillingar vil vere aktuelle. Målet er at fleire stillingar etter kvart skal følgje 80/20-modellen, slik at undervisningsoppgåvene blir ein planlagd og føreseieleg del av den ordinære drifta.
I ei 80/20-stilling er medarbeidaren tilsett 80 prosent i Helse Førde og 20 prosent ved UiB. Løn frå universitetet og helseføretaket blir kombinert, slik at den samla løna blir den same som i dagens kliniske stillingar. Samtidig skal ordninga ikkje påverke pensjonsopptening eller ansiennitet.
Det vert sett av tid til universitetsarbeidet innanfor den ordinære arbeidstida. Fristillinga skal i gjennomsnitt utgjere 20 prosent av arbeidstida gjennom året, men vil variere etter undervisningsaktiviteten.
I ei 100/20-stilling har medarbeidaren full stilling i Helse Førde og i tillegg ei 20 prosent bierverv ved UiB. Undervisning og delar av førebuingsarbeidet blir kompensert gjennom fristilling frå klinisk arbeid, medan dei resterande universitetsoppgåvene blir utførte utanfor ordinær arbeidstid. Modellen gir løn frå UiB i tillegg til løna frå helseføretaket, og er ei ordning mange allereie kjenner frå medisinstudium i dag.
For enkelte nøkkelroller, mellom anna årsansvarlege og personar med særskilde administrative oppgåver, kan det bli aktuelt med meir fristilling.
Målet er å etablere attraktive stillingar med tydelege og føreseielege rammer. Undervisning, rettleiing og fagutvikling skal kunne vere ein del av kvardagen i klinikkane, samtidig som pasientbehandlinga blir godt ivareteken.
Førebels fordeling av undervisningsressursar
Som ein del av planlegginga er det laga ei førebels fordeling av dei faglege undervisningsressursane ved campus Førde.
Medisinsk klinikk: 3,8 årsverk
Medisinsk avdeling 1,7 årsverk
-
hjartesjukdommar: 0,3 årsverk
-
gastroenterologi: 0,2 årsverk
-
lungemedisin: 0,2 årsverk
-
nyremedisin: 0,2 årsverk
-
infeksjonsmedisin: 0,2 årsverk
-
geriatri: 0,2 årsverk
-
endokrinologi: 0,2 årsverk
-
akutt- og mottaksmedisin: 0,2 årsverk
Andre fagområde
-
hudsjukdommar: 0,3 årsverk
-
nevrologi: 0,4 årsverk
-
revmatologi: 0,2 årsverk
-
kreftfag, hematologi, smerte og palliasjon: 0,6 årsverk
-
pediatri: 0,6 årsverk
Kirurgisk klinikk: 2,8 årsverk
-
gastrokirurgi: 0,2 årsverk
-
urologi: 0,2 årsverk
-
generell kirurgi: 0,4 årsverk
-
ortopedi: 0,4 årsverk
-
anestesiologi: 0,4 årsverk
-
øyre-nase-hals: 0,3 årsverk
-
auge: 0,3 årsverk
-
gynekologi og obstetrikk: 0,6 årsverk
Psykiatrisk klinikk: 0,7 årsverk
-
psykiatri, inkludert barne- og ungdomspsykiatri: 0,6 årsverk
-
rusmedisin: 0,1 årsverk
I tillegg kjem ein fagleg studieleiar i 50 prosent stilling, årsansvarlege for dei ulike studieåra og administrative ressursar knytte til drifta av campus Førde.
Tilsetjingane startar i 2027
Planen er at undervisarane skal tilsetjast om lag eitt år før undervisninga i faget startar.
Den førebelse tidsplanen er:
-
2027: Tilsetjingar knytte til fag på fjerde studieår
-
2028: Tilsetjingar knytte til fag på femte studieår
-
2029: Tilsetjingar knytte til fag på sjette studieår
I tillegg kjem tilsetjing av fagleg studieleiar, årsansvarlege og administrative ressursar.
Ei investering i framtida
Vestlandslegen er ei av dei største utdanningssatsingane i Helse Førde på mange år. Satsinga gir tilsette nye moglegheiter til å kombinere klinisk arbeid med undervisning, forsking og fagutvikling. Ho kan også bidra til å styrkje fagmiljøa og gjere Helse Førde til ein attraktiv stad å lære og arbeide.
Når dei første studentane kjem til Førde hausten 2028, vil dei møte eit sjukehus og eit fagmiljø som har bygd opp kompetanse, strukturar og undervisningskapasitet over fleire år. Målet er ikkje berre å utdanne fleire legar, men å gjere Helse Førde til ein attraktiv stad å lære, arbeide og utvikle seg fagleg.