Samhandlingslegane og ordninga
Her finn du informasjon knytt til samhandlingslegeordninga og samhandlingslegane. Dei er tilsett i 20 % stilling, og har arbeidsdag i hovudsak på torsdagar.
Om samhandlingslegeordninga
Samhandlingslegeordninga er eit nasjonalt nettverk av allmennpraktiserande legar som skal medverke til å legge tilrette for auka samhandling og koordinering mellom fastlegane og spesialisthelsetenesta. Ordninga er viktig for å styrke samhandlinga og skal primært ha fokus på samspelet mellom mellom fastlegane og sjukehusa.
Ordninga vart starta opp nasjonalt gradvis det første 10 året etter år 2000 og i Helse Førde i 2007. Fram tom 2023 har den vore kalla "Praksiskonsulentordninga". Det er vedteken ein ny "Rammeavtale mellom de regionale helseforetakene og Den norske legeforening om samarbeid mellom spesialisthelsetjenesten og fastleger" gjeldande frå 01.01.24. Her blir tittelen på praksiskonsulentar endra til samhandlingslege. I Helse Førde har vi valgt å kalle ordninga for "Samhandlingslegeordninga".
Samhandlingslegane har sine hovudstillingar i allmennpraksis og blir famleis konsulentar for Helseforetaket i saker som angår samhandling og samspel mellom allmennlegetenesta og fastlegane.
Samhandlingslegane skal bidra til å forbetre heilskapet i pasientløpet ved å drive fram samhandlingsprosjekt som gir verdi for pasientane, fastlegane og helseforetaka.
Viktige oppgåver kan bl.a. vere:
- Vurdere og vidareutvikle henvisningspraksis, innleggingspraksis og utskrivingspraksis og bidra i arbeidet med å utarbeide retningslinjer for dette.
- Bidra til å utvikle møteplasser mellom fastlegar og behandlarar i spesialisthelsetenesta.
- Betre informasjonsflyten og kontakten i samhandlinga mellom fastlegane og helseforetaket.
Det er etablert to samhandlingslegestillingar i Helse Førde - ei 20 % stilling og ei 30%. Denne inneheld også leiaroppgåver for samhandlingslegane. Samhandlingslegane med ansvarsområder er presentert på denne sida.
Du er no inne på samhandlingslegane i Helse Førde si aktive nettside. Vi sender regelmessig ut eposter til allmennlegane i Fylket med kopi til Helse Førde med påminning om nye og viktige saker som er aktuelle på nettsida - "Nytt frå samhandlingslegane". Her finn du elles samhandlingskalenderen som omhandlar kurs og konferansar spesielt aktulle for allmennlegar frå Fylket. Andre nyttige lenker ligg også på sida.
Det er ynskjeleg at både sjukehusavdelingane og allmennlegane i kommunane kjem med innspel til samhandlingslegane. Samhandling har mange utfordringar, og med avgrensa tid til rådvelde er det viktig med innspel om kva ein bør prioritere.
Samhandlingslegane

Kommunelege/fastlege i Naustdal, og leiar for samhandlingslegane i Helse Førde i 20 % stilling.
Samhandlingslegekontakt for kommunane i Sunnfjord, midtre og ytre Sogn.

Kommunelege/fastlege i Gloppen.
Samhandlingslegekontakt for kommunane i Nordfjord og Nordfjord sjukehus.