Smittevern for kommunehelsetenesta
Smittevernet i Helse Førde(HF) er organisert i seksjon for «Fag og utvikling», i avdeling «Kvalitet og pasienttryggleik».
Med bakgrunn i blant anna «Forskrift om smittevern» og «Delavtale smittevern» som alle kommunane har med HF, bistår me med råd og rettleiing i smittevern og førebyggande arbeid til kommunale helseinstitusjonar. Fylket sin Smittevernkommitè skal arbeide med overordna satsingsområde for kommunane og følgje opp delavtalen.
Sentrale punkt i arbeidet vårt er:
- Førebygging av Helsetenesteassosierte infeksjonar(HAI): som er infeksjonar påført under opphaldet
- Basale smittevernrutinar: som vernar både pasientane og dei tilsette
- Antibiotikaresistens: enkelte infeksjonar kan bli vanskeleg å behandle framover
- Handtering av utbrot som Norovirus og MRSA
- Infeksjonsovervaking (Prevalens og Insidens)
Prosedyrane som omhandlar desse punkta, skal vere tilgjengeleg i institusjonens Infeksjonskontrollprogram (IKP). Desse, samt nyhende, undervisningar/førelesingar og infeksjonsregistreringar, finn de i høgre menyen under fag og presentasjonar.

Laila Aarnes
Hygienesjukepleiar med hovudansvar for kommunehelsetenesta
laila
Aina Helland
Kontakt Lærdal sjukehus og kommunane Lærdal og Aurland
aina
Lise Karin Sørensen
Kontakt Nordfjord sjukehus
lise
Kari Holvik Furevik
Leiar kvalitet og pasienttryggleik
kari