Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Strategisk samarbeidsutval

Strategisk samarbeidsutval er eit administrativt utval mellom Helse Førde HF og kommunane i Helse Førde HF sitt opptaksområde som har inngått overordna samarbeidsavtale.

Årshjul

Agenda

  • Gjennomgang årsrapport samhandlingsavvik

Agenda

 

Agenda

 

 

Agenda

  • Godkjenning av møteplan
  • Godkjenning av budsjett, brukarutvalet
  • Evaluering av retningslinjer for felles brukarutval
  • Oddetalsår: oppnemne representantar til neste 2-års periode i SSU

 

 

Oppgåver

Strategisk samarbeidsutval har ansvar for å:

  • følgje opp og vedlikehalde overordna samarbeidsavtale
  • vurdere i saker av prinsipiell administrativ, fagleg og økonomisk karakter som gjeld samhandling i høve pasientar/brukarar
  • drøfte og tilrå løysing ved usemje som ikkje kan løysast på anna nivå
  • tilrå nye prioriterte områder utifrå lokale behov og offentlege føringar
  • tilrå delavtalar overfor partnarane og godkjenne prosedyrar som gjeld samhandling om felles pasientar etter framlegg frå fagleg samarbeidsutval eller ein eller fleire av partnarane
  • drøfte rapportar om avvik og uønskte hendingar som gjeld samhandlinga
  • førebu partnarskapsmøte
  • arrangere samhandlingskonferansen
  • fokusere på erfaringsutveksling, kompetanseoverføring og felles møteplassar
  • bidra til å utvikle og spreie gode modellar for samhandling
  • ha eit oppdatert oversyn over ulike samhandlingsprosjekt i Sogn og Fjordane 

Samansetjing

Strategisk samarbeidsutval er sett saman av seks representantar frå kommunane, seks frå Helse Førde HF og to brukarrepresentantar. Ein av kommunerepresentantane og ein av representantane frå helseføretaket skal også vere medlemar i fagleg samarbeidsutval og sikre gjennomgåande representasjon. Det skal opp nemnast vararepresentantar. KS i helsefellesskapsområdet syter for oppnemning av dei kommunale representantane. Ved oppnemninga skal ein sikre at det er geografisk spreiing av representantar i helsefellesskapet. Det er naturleg å sjå til eksisterande samarbeidsforum i området. Felles brukarutval nemner opp brukarrepresentantane. Medlemane er sjølve ansvarlege for kontakten med dei som dei representerer. KS har fast møte- og talerett for ein utsending, andre samarbeidspartar vert invitert til møte etter behov og avtale mellom partnarane. 

Arbeidsform

Utvalet konstituerer seg sjølv. Leiar- og nestleiarfunksjonen vekslar kvart andre år mellom Helse Førde HF og kommunane. Funksjonsperioden for utvalet er november - november.

Saker blir fremja av partnarane gjennom representantane som har eit sjølvstendig ansvar for å bringe fram tema/saker til handsaming. Vedtak føreset at alle medlemane er samde og forpliktar partnarane. Helse Førde HF og den enkelte kommune har ansvar for at vedtak blir gjennomførte. 

Strategisk samarbeidsutval skal ha møte minimum fire gonger pr. år, og møteplan for funksjonsperioden blir avtalt. Utvalet legg fram årsrapport i første kvartal. 

Partnarane skal samarbeide om førebuing og gjennomføring av strategisk samarbeidsutval. Partnarane ber eigne kostnader.

Strategisk samarbeidsutval er samansett slik:

  • Leiar: Arve Varden, Administrerande direktør Helse Førde
  • Nestleiar: Ola Hovland, kommunedirektør, Fjaler kommune
  • Heidi Alice Vederhus, Samhandlingssjef Helse Førde/Stadleg leiar NSH
  • Kjell-Wernik Skarsmyr Nystøyl, interkommunal samhandlingskoordinator
  • Gunn Lerøy, kommunedirektør Lærdal kommune
  • Kristine Dahl, kommunedirektør Stad kommune
  • Asle Kjørlaug, fagdirektør Helse Førde
  • Børge Tvedt, direktør PHV, Helse Førde
  • Bjørn Morten Øen, direktør kirurgisk klinikk Helse Førde
  • Trine Vingsnes, direktør medisinsk klinikk Helse Førde
  • Barbro Longva, kommunalsjef Stad kommune
  • Marius Solbakken, kommunelege Stryn kommune
  • Arne Hovland, Brukarrepresentant
  • Michael Milde, Brukarrepresentant

    

Leiarfunksjonen går på omgang mellom partane.

Varamedlemer (Vara for)

  • Anders Skipenes, kommunedirektør Gloppen kommune (K. Dahl)
  • Gjermund Flage, kommunedirektør Hyllestad kommune (O.Hovland)
  • Laila Haugland, Avdelingssjef med.avd. Helse Førde (T. Vingsnes)
  • Dagrun Kyrkjebø, direktør Fag- og utvikling Helse Førde (A.Kjørlaug)
  • Vidar Øvrebø, Stadleg leiar LSH Helse Førde (H.A.Vederhus)
  • Kirstin Bruland, kommunalsjef Sunnfjord kommune (B.Longva)
  • Marit Reppen, kommunalsjef Sogndal kommune (G.Lerøy)
  • Thomas Vingen Vedeld, kommuneoverlege Stad kommune (M.Solbakken)
  • Svein Ove Alisøy, Avdelingssjef PHV (B.Tvedt)
  •  

Observatørar

  • Hilde Ystanes, seniorrådgjevar, KS Vest-Norge​
  • Linda Svori, assisterande fylkeslege, Statsforvaltaren i Vestland

Møtereferat og vedlegg

Sist oppdatert 15.03.2026