Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Å leve med Psoriasis

Pasient og pårørandetilbod til pasientar med psoriasis.

25.
september
2025
  1. 25. sep. 2025, 09:15 - 15:30

Tid og stad

Når

  1. 25. sep. 2025, 09:15 - 15:30

Arrangør

Kvar

Lærings- og meistringssenteret (LMS)
Angabygget, 0. etg, Førde Sentralsjukehus
Kursrom

Du treng tilvisning frå fastlege til hudavdelinga for å delta på kurset.
Er du i eit behandlingsforløp ved ein hudpoliklinikk i Helse Førde kontaktar du behandlar.

Om kurset

Dette er eit meistringstilbod i gruppe for personar med psoriasis og deira pårørande.

Målet er å få kunnskap om psoriasis og sjå moglegheit for meistring i eigen kvardag. Kurset består av brukarinnlegg og undervisning frå helsepersonell, moglegheit for å stille spørsmål og erfaringsutveksling i gruppa.

Tema

  • Brukarrepresentant deler si historie om å leve med psoriasis
  • Om psoriasis
  • Behandling/eigenbehandling
  • Trygderettar
  • Kosthald
  • Erfaringsutveksling

Praktisk informasjon

Eigenandel er 403 kr, ingen eigenandel ved frikort. Gratis for pårørande.

Lunsj kan kjøpast for 80 kr per person (vipps eller kontant). Gi beskjed om særskilde behov.

Er du i jobb, må du avtale fri med arbeidsgjevaren din eller få sjukemelding frå lege.

Ved spørsmål, ta kontakt med hudavdelinga.

 

Kontakt

Hudavdelinga
57830461