Pasientkurs

Diabetes type 2, Lærdal 2024

3 dagars gruppeoplæring for deg med diabetes type 2 og dine pårørande.

19.
september
2024
3 dagar
  1. 19. sep. 2024, 09:30 - 14:30
  2. 26. sep. 2024, 09:30 - 14:30
  3. 03. okt. 2024, 09:30 - 14:30

Tid og stad

Når

  1. 19. sep. 2024, 09:30 - 14:30
  2. 26. sep. 2024, 09:30 - 14:30
  3. 03. okt. 2024, 09:30 - 14:30

Arrangør

Ynskjer du å delta på kurs, kan du ta kontakt med din fastlege som kan sende tilvising. 

Tilvisnga sendast til medisinsk poliklinikk:
- Medisinsk avdeling, Helse Førde
- Seksjon: Læring og meistring 
- Lokalisering: Lærdal Sjukehus

Merk gjerne tilvisinga med "diabeteskurs Lærdal"

Ønsker du å ha med pårørande ta direkte kontakt for påmelding, sjå kontakt informasjon. 

Medisinsk poliklinikk ved Lærdal sjukehus, Lærings- og Meistringssenteret i Helse Førde og erfaren brukar helsar velkommen til 3 dagers lærings- og meistrings kurs for deg med diabetes type 2.

Pårørande kan delta. Ver venleg å gje beskjed veka før kursstart dersom pårørande skal delta

Målet er at du skal leve best mogleg med diabetes ved å få

-informasjon om sjukdommen og behandlinga

-kunnskap om ernæring og fysisk aktivitet

-høve til å treffe andre i same situasjon

-inspirasjon til meistring og sjølvhjelp

Stad: Lærdal sjukehus, møterom 2.etg, med avd.

 

 

Program

 

Torsdag 19. september

09.30-10.15 Velkomen. Opning av kurset

10.15-10.45 Å leve med diabetes v/brukarrepresentant

11.00-12.00 Om diabetes v/lege

12.00-12.45 Lunsj

12.45-13.45 Om diabetes v/lege

13.45-14.15 Spørsmål/oppsummering

 

 

Torsdag 26. september

09.30-09.45 Velkomen tilbake

09.45-11.45 Diabetes og mat v/klinisk ernæringsfysiolog

11.45-12.30 Lunsj

12.30-13.15 Tannpleie v/tannlege

13.30-14.15 Blodsukkermåling v/kursleiar

14.15-14.30 Spørsmål/oppsummering

 

 

Torsdag 3. oktober

09.30-09.45 Velkomen tilbake

09.45-10.45 Fotpleie v/fotterapeut

11.00-11.45 Tankar rundt det å få ein kronisk sjukdom v/psykolog

11.45-12.30 Lunsj

12.30-14.00 Fysisk aktivitet v/fysioterapeut

14.00-14.30 Oppsummering/evaluering

 

Kostnad: Du betaler ein eigenandel kr 386,- poliklinisk konsultasjon.

Ingen eigenandel for pårørande.

Mat kan kjøpast i kantina.

Ta kontakt med Pasientreiser på telefon 05515 eller www.pasientreiser.no ved behov for tilrettelegging av reisa

- Avbestilling seinast 24 t før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs vil sjukehuset krevje eit gebyr på kr 1544 ,- (som ikkje blir registrert som eigenandel)

Kontakt

Medisinsk poliklinikk Lærdal