Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Hjarterehabilitering, Helse Førde

Tid og stad

Type arrangement
Gruppeopplæring
Arrangør
Kvar

Nordfjord Sjukehus

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid

(det vert skilta til kurslokalet)

Tilvising sendast til medisinsk poliklinikk:

Medisinsk avdeling, Helse Førde

Seksjon: Læring og meistring

Lokalisering: Nordfjord medisinsk poliklinikk (merkast Hjarterehabilitering)

Hjerterehabiliteringa gjennomfører 5 kurs- og rehabiliteringsperiodar kvart år.

  • Januar/februar
  • Mars/april
  • Mai/juni
  • September/oktober
  • November/desember

 

Ein kan delta på kursdagar (teori) 4 dagar totalt.

Eller full rehabilitering, 8 veker totalt (oppfølging 2 dagar for veka).

Inntak frå ventelister, vurdering (belastningstest) og undervisning foregår felles for alle på Nordfjord Sjukehus.

Øvrige veker har den enkelte oppfølging og trening ved sitt lokalsjukehus (Nordfjord, Førde, Lærdal), både individuelt og i grupper.

For meir informasjon om tilbodet, sjå eiga nettside:

Hjarterehabilitering i Helse Førde - Helse Førde HF

Praktisk informasjon

Eigenandel 403kr, ingen eigenandel ved frikort. Gratis for pårørande.

Avbestilling seinast 24 timar før kurset. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset kunne krevje eit gebyr.

Lunsj kan kjøpast for kr 80 per person (vipps eller kontant). Gi beskjed ved særskilde behov.

Ved deltaking på legetilviste læringstilbod hjå Helse Førde eller andre helseføretak kan pasientar og pårørande ha rett til å få dekka delar av kostnader ved reise og opphald.

Ta kontakt med pasientreiser på telefon 055515 eller sjå pasientreiser.no ved spørsmål om dekking av utgifter og/eller ved behov for tilrettelegging av reisa.

Kontakt

Medisinsk poliklinikk, Nordfjord Sjukehus
57 86 40 08