Tid og stad
- Når
-
- 17. sep. 2025, 10:00 - 14:00
- 19. sep. 2025, 10:00 - 14:00
- 24. sep. 2025, 10:00 - 14:00
- 26. sep. 2025, 10:00 - 14:00
- 01. okt. 2025, 10:00 - 14:00
- 03. okt. 2025, 10:00 - 14:00
- 15. okt. 2025, 10:00 - 14:00
- 17. okt. 2025, 10:00 - 14:00
- 22. okt. 2025, 10:00 - 14:00
- 24. okt. 2025, 10:00 - 14:00
- 27. okt. 2025, 10:00 - 14:00
- 31. okt. 2025, 10:00 - 14:00
- Type arrangement
- Gruppeopplæring
- Arrangør
- Kvar
-
Nordfjord Sjukehus
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
- (det vert skilta til kurslokalet)
Målet med kurset er å auke kunnskapen om KOLS slik at ein kan meistre kvardagen og leve best mogeleg med sjukdommen. Deltaking for personar med andre kroniske lungesjukdommar vert vurdert individuelt.
Kursdagar:
- Onsdagar og fredagar i vekene 38, 39, 40, 42, 43
- Måndag og fredag i veke 44
Onsdag 17. september møter alle deltakarar kl. 10.00.
Programstruktur
Onsdagar
10:00–11:00: Individuell oppfølging (gjeld berre dei som har fått avtale)
11:00–12:00: Felles trening
12:00–12:45: Lunsjpause
12:45–14:00: Temabasert undervisning (t.d. pusteteknikkar, medikamentbruk, psykiske reaksjonar, røykeslutt)
14:00–15:00: Individuell oppfølging (ved behov)
Fredagar
10:00–11:00: Individuell oppfølging (gjeld berre dei som har fått avtale)
11:00–12:00: Felles trening
12:00–12:45: Lunsjpause
12:45–14:00: Temabasert undervisning (t.d. fysisk aktivitet, kosthald, brukarerfaringar, eigenbehandling)
14:00–15:00: Individuell oppfølging (ved behov)
Med atterhald om endringar
Individuelle dagar: Enkelte dagar er sett av til individuell kartlegging, målsetting og evaluering. Du vil få beskjed om tidspunkt på førehand.
Utstyr: Ta med inhalasjonsutstyr, pep-fløyte og inhalasjonskammer dersom du har. Møt i klede og sko som passar til fysisk aktivitet.
Praktisk informasjon
Eigenandel 403kr, ingen eigenandel ved frikort. Gratis for pårørande.
Avbestilling seinast 24 timar før kurset. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset kunne krevje eit gebyr.
Lunsj kan kjøpast for kr 80 per person (vipps eller kontant). Gi beskjed ved særskilde behov.
Ved deltaking på legetilviste læringstilbod hjå Helse Førde eller andre helseføretak kan pasientar og pårørande ha rett til å få dekka delar av kostnader ved reise og opphald.
Ta kontakt med pasientreiser på telefon 055515 eller sjå pasientreiser.no ved spørsmål om dekking av utgifter og/eller ved behov for tilrettelegging av reisa.
Kommande kurs:
Vinter/Vår 2026 (datoar kjem)
Haust 2026 (datoar kjem)