Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fagkurs

Tverrfagleg emnekurs om digital heimeoppfølging

Emnekurset digital heimeoppfølging - helsetenester på nye måtar, er eit samarbeid mellom Sunnfjord kommune, Helse Førde og Søre Sunnmøre, og baserer seg på helsedirektoratet sin mal. Kurset har ein digital del (webinar), og ein fysisk del i Loen.

5.
september
2025
  1. 05. sep. 2025, 10:00 - 17:00
Påmelding

Tid og stad

Når

  1. 05. sep. 2025, 10:00 - 17:00

Arrangør

Sunnfjord kommune, Helse Førde og Søre Sunnmøre.

Kvar

Loen (+ digitalt webinar i forkant)

Påmelding

Føremål med kurset

Skape engasjement, auke kunnskapen om digital heimeoppfølging (DHO) og legge grunnlaget for lokal samhandling. Målet er å etablere ei plattform for samhandling mellom helsepersonell i kommune, fastlegar og sjukehus.

Målgruppe

Legar, sjukepleiarar og andre helseprofesjonsgrupper med interesse for teknologi i utvikling av samhandling i helsetenesta.

Arbeidsmåtar

Webinar, drøftingar, praktisk demonstrasjon og fysisk undervisning.

Målsetting

  • Auke samhandlingskompetanse mellom profesjonsgrupper i helsetenesta med vekt på pasienten og pasientens meistring av kronisk sjukdom.
  • Auke kjennskap til, og kunnskap om teknologiske løysingar for å følge opp pasientar på avstand, det vil seie utan fysisk kontakt.
  • Få innsikt i kritiske aspekt ved digital heimeoppfølging, inkludert fordelar og fallgruver.

Praktisk informasjon

  • Kurstimar: 2-dagars kurs med 15 timars innhald inkludert pausar. Første dag er digital. Den vert tilgjengeleg for den enkelte i forkant av kurset og gjennomførast av den enkelte før den fysiske dagen i Loen 5.september klokka 10–17.
  • Kursavgift: Kurset er gratis. Eventuell reise og opphald er ikkje inkludert.
  • Kursgjennomføring: Kurset vert organisert på to dagar med 15 kurstimar totalt. Kurskomiteen godkjenn opplegget og program for å sikre at det er i tråd med kursregelverket.