Augeavdeling

Vi utfører utredningar av dei fleste augesjukdomar og dei vanlegaste kirurgiske inngrep. Vi har poliklinikk med fleire undersøkingar. I tillegg moglegheit for å utføre avanserte spesialundersøkingar. Du må ha tilvising frå optikar, lege eller augelege. Dei fleste blir utreda og behandla poliklinisk (dagkirurgisk).

Kontakt

Postadresse

Helse Førde, augeavdelinga, postboks 1000, 6807 Førde.

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Finne informasjonen som står i innkallingsbrevet.
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.