Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Intensiv

Intensiv ved Helse Førde er ei generell avdeling der vi gjev vi medisinsk behandling og sjukepleie til alvorleg og kritisk sjuke pasientar. Dette kan vere etter store operasjonar, alvorlege ulukker eller medisinsk sjukdom.

Intensivavdelinga er ei avdeling med både medisinske og kirurgiske pasientar. På ei intensivavdeling nyttar vi avansert medisinsk behandling for å behandle svikt i eitt eller fleire organsystem. Pasientane våre har behov for kontinuerleg overvaking og er tilkopla medisinskteknisk utstyr som er nødvendig for å overvake og oppretthalde livsfunksjonar. Det vil som regel alltid vere minst ein sjukepleiar tilstades hos pasienten. Opphaldet hos oss kan vare frå nokre dager til veker eller månader.

Postoperativ seksjon

Vi har og ein postoperativ seksjon. På ei postoperativ avdeling stabiliserer og overvakar vi pasientane etter operasjon og narkose. Kor lenge dette varer, varierer avhengig av inngrep og pasienten sin tilstand.

Tilsette 

Vi som arbeider her, er i hovudsak intensivsjukepleiarar, sjukepleiarar og anestesilegar, men vi samarbeider òg med andre faggrupper som har det medisinskfaglege ansvaret for den einskilde pasienten. I tillegg har vi samarbeid med blant anna fysioterapeutar som hjelper oss med å mobilisere og trene pasienten sin kropp under opphaldet. I periodar er det òg studentar og hospitantar i avdelinga.

Legevisitt

Kvardagar mellom klokka 09.00-11.00. Ofte er fleire legar med ulik spesialitet samt ansvarleg sjukepleiar med på visitten. Anestesilege er tilgjengelig i avdelinga heile døgnet.

Kontakt

Seksjonsleiar intensiv

Wenche Hårklau

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 2. etasje i Svanabygget (hovudblokka) ved Førde sentralsjukehus.