Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Til deg som skal til operasjon
Her har vi samla informasjon til deg som skal til operasjon hos oss.
Velkommen til oss!
Førebuing til operasjon
Før du kjem til operasjon, skal du ha ein samtale med anestesipersonell. Dei gir deg informasjon om bedøving i forbindelse med operasjonen din. Har du behov for bedøvingsplaster (EMLA) på hand eller fot før innsetjing av veneflon? Då kan du få dette frå anestesipoliklinikken eller kjøpe reseptfritt på apoteket. Plasteret skal setjast på handbaken der det er synleg blodåre, 1 time før oppmøte til operasjon.
Dersom poliklinikken du har vore på har andre førebuingar til sjølve operasjonen din, får du informasjon om det der.
Faste
Du skal ikkje ete fast føde etter klokka 02.00, natta før operasjonsdagen.
Du kan drikke klare væske, t.d. vatn, saft, brus, te, juice utan fruktkjøt, eller kaffi utan mjølk/fløyte inntil 2 timar før oppmøtetid.
Du skal ikkje ete pastillar, tyggegummi, snuse eller røyke inntil 2 timar før oppmøtetid.
Hygiene
Du skal dusje operasjonsdagen. Du skal pusse tennene. Ikkje bruk sminke, bodylotion eller parfyme.
Hugs spesielt å vaske navlen, dersom du skal opererast i mageområdet. Du skal fjerne neglelakk, gellakk og kunstige negler.
Ringar, smykker og piercing let du liggje att heime. Vi har låsbare skap til klede, klokke og mobiltelefon.
Ha på reine klede.
På dagkirurgisk senter:
Når du møter skal du melde deg til sekretær i ekspedisjonen i 2. etg.
Etterpå vert du motteken av sjukepleiar for omkledning, medisinar og andre prosedyrer som følger med før operasjon.
Du får lagt inn veneflon før operasjon. Du kan nytte EMLA-plaster.
Hår i operasjonsområdet vert fjerna på operasjonsdagen.
Før du skal inn på operasjonsstova, må du late vatnet.
Når på dagen blir eg operert?
Du blir kalla inn 1-2 timar før sjølve operasjonen tek til, for å klargjere deg med omkledning, samtale med kirurgen og andre førbuingar.
Forskyvning i det oppsette tidsskjemaet kan forekomme, dersom andre pasientar treng akutt hjelp. Ver difor budd på litt ventetid.
Pårørande
Dersom du skal heim etter operasjonen, er det ynskjeleg at du har med ein som kan hente deg når du er klar for heimreise.
Etter operasjonen
I heimen skal du ha med deg ein vaksen person over 18 år den første kvelden og natta etter operasjon i narkose.
Om dette ikkje er mogleg, ta kontakt med poliklinikken som har vurdert deg til operasjon.
Dersom behov for legehjelp første døgnet, ring 578 39 000 og be om vakthavande lege frå avdelinga som har behandla deg.
Bilkøyring
Du kan ikkje køyre bil på 24 timar etter narkose/sedasjon.