Fødepoliklinikk
Her får du meir informasjon om tilbodet Kvinneklinikken gir til deg som ventar eller har fått barn.
Kontakt
Telefon
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Føde poliklinikk:
All kontakt via telefon i høve ultralyd. Du kan du ringe på dagtid måndag til fredag frå klokka 08.00 til klokka 15.00. Har du time på fødepoliklinikk kontaktar du ekspedisjonen i 6. etasje (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk).
Amme poliklinikk - tysdagar:
Har du ønskje om time på ammepoliklinikk, ring sekretær på dagtid måndag til fredag klokka 08.00 - 15.00. Tilvising er ikkje naudsynt. Oppmøtestad til ammepoliklinikk er på venterom i 6. etasje (innerst i gangen på gynekologisk poliklinikk).
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Vi har ein Kvinneklinikk med tilgang til spesialkompetanse innan fødselshjelp. Barselavdelinga der du og barnet er etter fødsel, er i same avdeling. Du kan og velje å ha barselopphald ved "God Start" einingane på Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus.
Til nybakte foreldre i Helse Førde
Eit par timar etter fødselen blir mor og barn flytta over til barselavdelinga. Helse Førde har ei kombinert føde- og barselavdeling i 5. etasje ved Førde sentralsjukehus, så vegen er ikkje lang frå fødsel til barsel. Barselgangen er ein paralell gang til fødegangen. Har vi plass til far/parner kan de ha rom saman på barsel.
Du som ønskjer det kan overførast til God Start einingane (barselseining) ved Nordfjord sjukehus eller ved Lærdal sjukehus.