Svangerskapskontroll
I samarbeid med kommunane Stad, Gloppen, Kinn, Bremanger og Stryn tilbyr jordmorsenteret ved God start svangerskaps-kontrollar. I Bremanger blir svangerskapskontrollane utførte av kommunal jordmor.

Jordmorsenteret held til ved God Start eininga på Nordfjord sjukehus, og vert drifta av jordmødre som jobbar ved eininga.
Gravide treng ikkje tilvising for å få time på Jordmorsenter, og ein kan få time hos jordmor frå svangerskapsveke 8.
For å bestille time kan ein ringe 57 86 42 00, måndag til fredag kl. 13.00-15.00.
Tilbod ved jordmorsenteret
- Svangerskapskontroll frå veke 8 (for blant anna å sende tilvising til tidleg ultralyd)
- Oppfølging i svangerskapet av primærjordmor
- Ultralyd (ikkje tidlig ultralyd)
- Seleksjonkontroll veke 36 (barnets leie, omvisning på barsel, beslutte fødestad)
- Videokonsultasjon med jordmor (etter fødsel og heimreise)
- Etterkontroll (6-10 veker etter fødsel. Kvinna bestiller dette sjølv)
- Kontroll av nyfødtscreening og vekt ved tidlig heimreise
- Vidare kontroll av bilirubin for nyfødte ved behov
- Ammepoliklinikk
- Fødselførebuande kurs for gravide par i svangerskapet
- Ammeførebuande kurs for gravide par i svangerskapet
- Vi tek blodprøver knytt til svangerskap og barsel ved laberatoriet på Nordfjord Sjukehus.
Jordmorsenteret har samarbeid med følgjande helsestasjonar i Nordfjord: Stad helsestasjon, Stryn helsestasjon, Bremanger helsestasjon, Kinn helsestasjon, Gloppen helsestasjon.
Sist oppdatert 08.07.2026