Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ledsagerbetaling på kvinneklinikken

Ledsagar er velkomen til å vere saman med mor og barn under barselopphaldet. Så langt det er mogleg legg vi til rette for at ledsagar kan overnatte på avdelinga

Innlagd før fødsel 

Dersom du er ledsagar til ei kvinne som er innlagd før fødsel, skal du ikkje betale for opphald. 

Etter fødsel 

  • Overnatting kostar 300 kroner per døgn. 
  • Makspris for overnatting er 1 200 kroner (4 døgn). 
  • Opphald utover 4 døgn er gratis. 

Mat 

  • Mat kostar 300 kroner per dag og omfattar frukost, lunsj, middag og kveldsmat. 
  • Du kan også velje å ordne mat sjølv. 
  • Ledsagarar som betalar for mat får utdelt eit blått armband som skal visast fram ved måltid. 

Betaling 

Barsel Førde 

  • Når du kjem til barselavdelinga, får du utdelt skjema for ledsagarbetaling. 
  • Ved utreise blir tal overnattingar og dagar med måltid registrerte. 
  • Helse Førde sender betalingskrav i Vipps etter opphaldet. 

God Start Lærdal og God Start Nordfjordeid 

  • Betaling skjer direkte med Vipps under opphaldet. 

Praktisk informasjon 

Ledsagar kan overnatte på avdelinga så lenge familien disponerer eige rom. Ved stor aktivitet og mange fødslar kan det vere nødvendig å dele rom. I slike periodar kan det hende at ledsagar ikkje kan overnatte på avdelinga. 

Sist oppdatert 02.10.2026