Til deg som er gravid
Gratulere med graviditeten! Vi på kvinneklinikken Helse Førde ynskjer at du skal føle deg trygg og ivaretatt gjennom graviditeten og fødselen.
Dei fleste svangerskap utvikler seg normalt og de fleste gravide er friske. Mødre som er friske, som bærer eit foster, har eit svangerskap som utviklar seg normalt følges opp hos jordmor på helsestasjonen og hos fastlege (primærhelsetjenesten). Dersom det oppstår problemer i graviditeten som krever spesiell kompetanse eller utstyr blir du henvist til fødepoliklinikken eller fødeavdelinga Helse Førde.
Rutine ultralyd veke 18-20
Dette er eit tilbod om Ultralyd som er frivilleg for alle gravide. Det blir utført av jordmor eller lege. Denne undersøkinga omfattar ikkje jordmorkontroll. Det er jordmor eller fastlege i kommunen som henviser deg til ultralyd. Vi har tilbod om ultralyd i svangerskapsveke 18-20 både på Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus og på Førde sentralsjukehus.
Ei ultralydundersøking har ein gjennomgang av foster og livmor for å få informasjon om:
- Svangerskapslengd og termin
- Tal foster
- Morkakas plassering
- Fosterets utvikling og anatomi
Ultralyd av gravide (helsenorge.no)
Samtalepoliklinikken
Tilbod om fødselssamtale
I dei fleste tilfelle der du har behov for ein fødselssamtale kan ein ha dette med jordmor i kommunen. Nokre gravide kvinner har behov for ein utvida samtale med jordmor på Samtalepoliklinikken Ønskjer du dette treng du ei tilvisning frå jordmor eller lege i kommunen.
Dersom du har behov for å ha med partnar under samtalen, kan dette avtales med jordmor på samtalepoliklinikken. Oppmøtestad er i 6 etasje.
Les meir om fødselsangst (helsenorge.no)
Her finner du informasjon om graviditeten veke for veke, svangerskapskontrollane, vanlige plager og kva du bør passe på som gravid (helsenorge.no)
Har du spørsmål om medisinbruk under graviditet og amming?
https://tryggmammamedisin.no/
Lite liv i magen? En hjelp til gravide for å følge med på barnets bevegelser