Igangsetjing (induksjon) av fødsel
Igangsetjing av fødsel blir brukt når det er medisinske grunnar til å starte fødselen. Metoden som blir vald, kjem an på kor moden livmorhalsen er. Her får du ei oversikt over dei ulike metodane, kva som skjer undervegs, og når du skal kontakte fødeavdelinga.
Til deg som skal få sett i gang fødselen
Det finst ulike grunnar til at ein fødsel blir sett i gang. Dei vanlegaste årsakene er fostervassavgang utan spontane rier, overtidssvangerskap, langsom fostervekst, svangerskapsforgifting, svangerskapsdiabetes og tvillingsvangerskap. Årsak og val av metode for igangsetjing avgjer om du treng å vere innlagt, eller om du kan reise heim under delar av forløpet.
Sidan igangsetjing set i gang fødselsprosessen før kroppen sjølv er heilt klar, kan det ta fleire dagar (2–3) før fødselen kjem skikkeleg i gang. Dette gjeld særleg dersom livmorhalsen er umogen og hos førstegongsfødande. Det er noko auka risiko ved å setje i gang ein fødsel, til dømes langvarig fødsel, operativ forløysing (keisarsnitt, tang eller vakuum) og fødselsrifter. Difor er det viktig at det ligg ein god medisinsk grunn bak avgjerda om igangsetjing.
Før vi startar fødselen din, vil vi lage ein plan for korleis induksjonen skal gjennomførast. Kva trinn vi tek først, kjem an på kor mogen livmorhalsen er. For å finne ut av dette må vi undersøkje livmorhalsen din.
Vurdering av modenskap
Under graviditeten er livmorhalsen fast og nokre centimeter lang. Etter kvart som du nærmar deg fødselen, vil livmorhalsen modne. Det betyr at ho blir mjukare og kortare, kjem lenger fram i skjeda og begynner å opne seg. Når vi (lege eller jordmor) undersøker deg, graderer vi desse funna, og dei påverkar kva metode som er best eigna for å setje i gang fødselen.

Ulike metodar for igangsetjing (induksjon):
- Ballongkateter
- Modningstablettar (hormontablettar)
- Amniotomi ("ta vatnet") - stikke hol på fosterhinna
- Stimulering av rier - intravenøst drypp med riestimulerande hormon
1 - Ballongkateter:
Eit ballongkateter er ein tynn, mjuk gummislange med ein liten ballong i enden. Det blir sett inn i skjeda, forbi den indre mormunnen, og blir liggjande mellom hovudet til barnet og livmorhalsen. Ballongen blir fylt med 60–80 ml sterilt saltvatn. Irritasjon og trykk frå ballongen mot livmorhalsen gjer at kroppen frigjer hormonet prostaglandin, som er med på å modne livmorhalsen.
Når ballongkateteret blir sett inn, ligg du med beina i beinhaldaren. Enden av kateterslangen blir lagt i ein hanske som blir teipa laust på innsida av låret ditt. Det er vanleg at det kjem litt blodblanda slim i posen, og at du får menstruasjonsliknande smerter dei første timane etter innsettinga. Nokre kan etter kvart få rier.
Å få sett inn kateteret kan kjennast litt ubehageleg, men det er ikkje smertefullt. Rett etter innsettinga overvaker vi hjarteslaga til barnet i om lag 20 minutt (CTG-registrering). Etter dette kan du vere oppe og gå som vanleg. Kateteret kan liggje inne i eit døgn. Det kan kome litt blod og slim frå skjeden, men dette er ufarleg.
Vidare forløp:
- Kateteteret kan ligge i eit døgn.
- Dersom ballongen fell ut, eller når han blir fjerna, gjer vi ei ny vurdering av livmorhalsen. Er ho framleis umoden, går vi vidare med modning av livmorhalsen ved hjelp av hormontablettar/modningstablettar. Om livmorhalsen er moden, det vil seie at ho er blitt kortare og har 2–3 cm opning, kan ein gå vidare med amniotomi/å ta hol på fosterhinnene.
- Lege som avgjer induksjonsmetode, vil vurdere om du kan reise heim/til hotell eller camping med ballong, eller om du må leggast inn på avdelinga.
Til deg som reiser heim med ballong;
Du skal ta kontakt med fødeavdelinga (tlf. 57 83 92 37) dersom det oppstår:
- fostervatnavgang
- lite liv frå barnet
- ballongen fell ut
- blødning
- smerter
- rier
2 - Modning av livmorhalsen ved bruk av hormon (stikkpille/tablett):
Stikkpillane/tablettane vi bruker for å modne livmorhalsen inneheld eit hormon (prostaglandin) som kan framkalle rier i tillegg til å modne livmorhalsen. Du vil bli innlagd under denne behandlinga.
Stikkpillen blir lagt inn nederst i skjeden/bak livmorhalsen. Etter at stikkpillen er sett inn, må du ligge roleg i senga i om lag 1 time. Etter dette er det ein fordel at du er oppe og går. Det kan vere nødvendig med fleire dosar før du får rier som fører til at livmorhalsen opnar seg. Det blir då gjort ei ny vurdering omtrent kvar 4.–6. time. Korleis riene dine er, og kor moden livmorhalsen din er, legg grunnlaget for vidare behandling.
3 og 4 - Modning av livmorhalsen ved bruk av amniotomi/riestimulerande drypp.
Om livmorhalsen er open 2–3 cm eller meir, kan ein ta hol på fosterhinnene (amniotomi) slik at fostervatnet går. Dersom du ikkje har hatt rier frå før, kan dette setje i gang rier, eller gi sterkare rier dersom du allereie har litt.

Viss du ikkje får rier etter eit par timar, eller viss riene ikkje har ønska effekt etter amniotomi, kan ein gå vidare med intravenøst drypp (tilsett syntetisk hormon) for å stimulere fram sterkare rier. Har ikkje riestimulerande drypp ønska effekt, kan det vere nyttig med nokre timars pause før ein gjer eit nytt forsøk med riestimulering.
Når riene har starta og fødselsprosessen er i gang, blir du flytta til ei fødestove. Der blir fosterets hjertefrekvens overvaka, og framgangen blir vurdert fortløpande. Det kan òg bli aktuelt med ein pausedag i løpet av igangsetjingsprosessen.
Informasjon om følge/partner
Partner som blir med til pasienthotellet i samband med induksjon, må betale for rommet. Partner kan òg betale for mat dersom det er ønskeleg.
Pris:
- kr 400 per natt for rommet
- kr 300 ekstra for full pensjon
For partner som er med under fødselen og overnattar på avdelinga, er det ingen kostnad. Mat er ikkje inkludert, og pårørande må ordne og betale for dette sjølve.