Kva er aksekorreksjon?
Grunna skade eller slitasje har du ein skeivstilling / aksefeil i kneet ditt.Når ein har ei skeivstilling i kneleddet kan det oppstå ei større belastning på den eine sida av kneet. Ein seier då at ein er «hjulbeint» eller «kalvbeint». Det kan medføra dårlig og slitt menisk og etter kvart slitasje på leddbrusken. Osteotomi er ein operasjon der man vinkelen/aksen i kneet vert retta opp slik at den mekaniske belastningsaksen går mer midt gjennom den friske delen av kneet enn tidlegare.
Denne operasjonen inneber at det blir laga ein «bruddspalte» i leggbeinet som gjer at belastningsaksen vert flytta meir mot midten og den friske delen av kneet. Dette gjer ein for å hindra ytterlegare slitasje i kneet sli at ein på sikt kan unngå, eller utsetje eit proteseinngrep 10 – 15 år. I hovudsak er inngrepet proteseutsetjande, men mange vil og kjenna på symptomlindring.
Når du er hjulbeint, vert det gjort eit kutt gjennom øverste del av leggbeinet / tibia frå innsida. Ein bruker røntgengjennomlysning for å sjå til at størrelsen på plassering av kuttet og størrelsen på åpninga vert korrekt. Bruddspalta blir stabilisert med plate og skruer, og åpninga skal gradvis fyllast med pasienten sitt eige bein etter 2-3 månader. Dersom du er kalvbeint, vert tilsvarande operasjon gjort på ytterside av leggbeinet, evt lårbeinet.
I løpet av dei neste 6 vekene etter operasjonen skal det dannas beinvev i «bruddspalta». For at det skal gro godt er det viktig å belasta, men det skal ikkje vera meir enn 20-25 kg for å minske risikoen for at skruene skal briste. Svært viktig å avlasta operert bein når du reiser og setjer deg, også i trapp. Det er inga restriksjonar på rørsle.
Til deg som skal operere
Sist oppdatert 10.04.2024