Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Trening som behandling

Fysisk aktivitet, som eigenbehandling og fysioterapi, styrkjer muskulaturen rundt kneet. Det kan betre funksjon og bremse utviklinga av artrosesymptoma. Vi anbefalar dei fleste å prøve ein periode med ikke-kirurgisk (konservativ) behandling før man vurderar ein kneprotese.  

​Fysisk aktivitet kan være styrkjetrening, kondisjonstrening eller anna aktivitet. Trening tre goner i veka med ein kombinasjon av styrkjeøvingar og kondisjonstrening er vanlegvis anbefalt, men all aktivitet er betre enn ingen aktivitet. Sykling, klassisk ski og symjing er eksemplar på skånsame aktivitetar.   
 
Det kan ta 6-8 veker før du merker ein smertelindrande effekt av det å bli sterkare i muskulaturen. I tillegg til å styrkje muskulaturen rundt kneet, kan fysisk aktivitet og trening bidra til vektreduksjon, og dermed minske belastninga på kneet.
 

Du forverrar ikkje artrosen ved å bevega deg, og det er ikkje farlig å belaste kneet sjølv om det gjere vondt. Eit kne med slitasje har godt av å bli brukt.  
Det kan vera behov for smertestillande eller betennelsesdempande medisinar i ein kortare periode for å komme i gong med treninga. Rådfør deg med fysioterapeuten eller fastlegen din.  

Ein fysioterapeut kan tilpasse eit treningsprogram for deg for å styrkje muskulaturen rundt kneet. Du må fylje treninga i minst 6-8 veker for å ha effekt. For å vedlikehalde effekten bør du fortsette treninga minst ei gong i veka.  
 
Fyrste konsultasjon hos fysioterapeut tar omtrent eit time, deretter går du til kontroll ved behov. Fysioterapi kan også gis som gruppetilbod (Aktiv med Artrose​). Tiden det tar til du får time hjå fysioterapeut eller tilbod om gruppeopplæring kan variere frå noken veker til fleire månadar.

Stabiliteten i kneleddet er avhengig av muskulaturen rundt, men også av eventuelle feilstillingar som skyldas alvorlig atrose. Dersom det ikkje er store feilstillingar i kneet kan du byrje med styrkjetrening.   
 
Det er viktig å ikkje starte for hardt når du går i gong med styrkjetreninga. Eit ledd med artrose vil reagere med økt smerte og hevelse dersom du overbelastar det. God balanse mellom kvile og aktivitet er viktig.   
 
Dersom du ikkje er vand med å vere i fysisk aktivitet eller trene, kan du få smertar og ubehag frå musklar og ledd dei fyrste to vekene. Dette vil gradvis gi seg. Hvis du opplever ubehag og smertar under eller etter trening over lengre tid, kan det skylda at øvingane er for harde eller at totalbelastninga er for tungt. Fysioterapeuten vil hjelpa deg med å tilpasse treninga.  

AktivA (Aktiv med Artrose) er eit gruppekurs der du får informasjon om opplæring om artrose og tilpassa trening. Kurset blir leda av fysioterapeutar med spesiell kompetanse på artrose. Det er eit tilbod i mange kommunar og ved fleire sjukehus.  
 
Dersom du ynsker å delta kan du ta direkte kontakt med eit AktivA-klinikk eller får henvisning frå din fastlege eller ortoped. Kurset varar i 6-8 veker.   
 

​Innleggssole og gode sko med støtdemping kan minska smerte og ubehag, og ein støtteskinne til kneet kan gi betre kontroll på kneet ved aktivitet og belastning. Enkelte kan ha god nytte av ein kneortose/bandasje.   
 
Tilrettelegging på arbeidsplassen kan være eit viktig tiltak for å unngå overbelastning.

 

Kjelder: 
http://aktivmedartrose.no

https://tjenester.helsenorge.no/samvalg/kneartrose

Sist oppdatert 01.03.2024