Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et nærbilde av et menneskebein

Kneprotese

Ei kneprotese, erstattar dei øydelagde leddflatene. Det finnast ulike typar proteser som vert nytta, avhengig av graden av slitasje i kneet.

Kva er ei kneprotese?

Når vi set inn ei kneprotese, erstattar denne dei øydelagde leddflatene. Det er ikkje slik at heile leddet vert skifta ut.  Vi kan enten skifta ut alle leddflatene i kneet, eller delar av dei.  
 
Om alle leddflatene vert skifta, snakkar vi om ei heilprotese. Dersom ein berre skiftar leddflater på innsida, yttersida eller bak kneskåla betegner ein dette som delprotese. Kva slags protese som blir valgt er avhengig av graden av slitasje i kneet.   
 
Under operasjonen vert dei øydelagde leddflatane fjerna med høg presisjon og blir erstatta av kunstige protesekomponentar.  
 
Komponentane finst i mange forskjellige storleiker og formar. Vi kan derfor velgje den protesa som passer best til ditt kne. Protesen kan festast på beinet med og uten sement. Sementen er eit kraftig lim som festar protesedelene mot beinet.  
 
Ein usementert protese vert pressa fast på beinet med stor kraft og festar protesen på same måte som ein spiker sitter fast i ein trebjelke. Den usementerte protesen har dessuten ein porøs innvendig flate som beinsubstansen etter kvart vil vokse inn i og på denne måten forankre protesen.  I tillegg finnst det spesielle proteser som vert nytta i samband med protesebytteoperasjonar.   
 
Det pre- og postoperative forløpet er i hovudsak likt for alle protesetypane. Du vert vanlegvis liggande 2-3 dagar på sjukehuset etter ein kneproteseoperasjon.
 

Kneprotesen er ein erstatning for øydelagde leddflater i kneet. Den består av 2 metalldelar som vert festa på lårbeinet og skinnebeinet. Leddflata på lårbeinet består av metall, leddflata på skinnebeinet av høgforedla plast. Metalldelane vert festa med eller utan beinsement. Ei totalprotese dekkjer heile leddflata både på lårbeinet og på skinnebeinet. Det pre- og postoperative forløpet er likt for alle protesetypane.

Et nærbilde av et menneskebein
Total kneprotese

 

 

Kneprotesen er ein erstatning for øydelagde leddflater i kneet. Den består av 2 metalldelar som vert festa på lårbeinet og skinnebeinet. Leddflata på lårbeinet består av metall, leddflata på skinnebeinet av høgforedla plast. Metalldelane vert festa med eller utan beinsement 
 
I motsetning til heilprotese erstattar delprotesa eit mindre område. Dersom slitasjen begrensar seg til delar av leddet, kan dette vere eit godt alternativ. Det pre og postoperative forløpet er likt for alle protesetypane.
Et nærbilde av en t-skjorte
Delprotese

 

Inni kneleddet er et to hovudledd. Mellom lårbeinet og leggbeinet er det som blir kalla kneleddet. I tillegg er det eit ledd mellom kneskåla (patella) og ei grop på framsida av lårbeinet (femur). Dersom slitasjen din sit mellom kneskåla og lårbeinet kan du vera kandidat for ei patellofemoral protese.  
 
Denne protesen består av to delar. Ein del av metall som er tilpassa leddflata på lårbeinet der kneskjelet glir i mot, og ein del av plast som vert felt inn i brusksida av kneskjelet. Protesedelane vert festa med beinsement. Det pre og postoperative forløpet er likt for alle protesetypane.
Et nærbilde av en menneskeskalle
Røntgenbilete av ei patellafemoral protese

 

Forventningar før operasjonen

​Å få protese er eit stort inngrep. Vi gjer det vi kan for at du skal bli fornøgd med resultatet. Nokre av pasientane ( omlag 10%) kan ha problem med smerter eller nedsatt rørsle etter operasjonen. Det kan gjere det naudsynt med vidare tiltak. I dei fleste tilfelle vil ein med målretta fysioterapi og trening, kunne korrigerre problema. I enkelte tilfelle kan det og bli naudsynt med mindre  operative tiltak. På denne måten vil eit fleirtal av pasientane verte hjulpne til eit godt resultat.​

​​Trening før operasjon

Kneet er avhengig av sterk muskulatur for å ha god funksjon. Det er denne jobben me fysioterapeutane og legen som opererer deg ynskjer at du skal gjere på førehand. 
​​​​​
Målsetting, dosering og intensitet avhenger av ditt funksjonsnivå. Me rådar deg til å unngå hard fysisk aktivitet 14 dagar før inngrepet for ikkje å irritere kneet unødvendig før operasjonen.

​Praktisk informasjon om kneprotese og operasjon

Kor lenge held ei kneprotese?

​​Ei kneprotese er eit mekanisk ledd som er utsett for slitasje. Difor vil varigheta av protesa vera avhengig av kor mykje du brukar ho. Aktive personar vil slita protesa raskare. På bakgrunn av nasjonale og internasjonale undersøkingar kan vi i dag rekne med ei haldbarheit på 20 år og meir.   

Protesa si haldbarheit er og avhengig av at ho vert sett inn korrekt. For å oppnå eit best mogleg resultat, brukar vi i Lærdal komputernavigasjon.  
 
Komputernavigasjon er ein avansert teknologi som gjer det mogleg å berekne plasseringa av protesekomponenten med veldig høg presisjon.

Kva om protesa må bytast?

Det finnst fleire årsaker til at ei protese må byttast. Det kan vera snakk om rein mekanisk slitasje der protesedelane losnar fra beinet. Ein infeksjon med bakteriar kan føra til at protesa må takast ut og erstattast med ei ny. Andre årsaker kan vera manglande stabilitet i protesa, smerter og nedsatt bevegelegheit.  
 
Ein protesebytteoperasjon er eit stort inngrep. Den gamle protesa vert fjerna og erstatta med ei individuelt tilpassa spesialprotese. Det finnst i dag avanserte system for dette.  
 
Statistisk sett er over 90 % av kneprotesene velfungerande 10-15 år etter operasjonen.

Kan eg operere begge knea samstundes?

I Lærdal tilbyr me operasjon av begge knea samstundes. Ettersom operasjonen og rehabilitering er meir omfattande vert dette vurdert indivduelt. Dersom slitasjen i begge knea er på ein slik måte at det går ut over moglegheitene for effektiv opptrening, kan det vera indikasjon for en slik operasjon. Risikoen for komplikasjonar er statisktisk sett ikkje større ved å operere begge knea på ein gang sammenlikna med risikoen ved å operere kvart kne for seg.

Kor lang tid skal det gå før eg kan operere det andre kneet?

Som regel er tidsrommet mellom dei to operasjonane 6 månader eller meir. Dette vert fastlagt i samband med etterkontroll på poliklinikken.

Kva om eg får problem med protesa?

Om du får problem med protesa vil du alltid ha mogligheit for å ta kontakt og vidare tiltak vil då verte drøfta på kontroll. ​

Alle leddproteser har blitt følgt opp i eit register i Norge sidan 1987 (Nasjonalt register for leddproteser). Dette har hatt mykje å seie for å kunne følge opp kvaliteten på protesekirurgien.

Vi oppfordrar deg til å gje ditt samtykke til at også din operasjon kan registrerast. Dette blir gjort fyrste gong når du er på poliklinikken den dagen du vert førebudd til operasjon. Operatøren fyller ut eit skjema etter operasjonen. Etter eitt år vil du få tilsendt eit spørjeskjema som du skal svare på.

Det er Helse Bergen og Haukeland Universitetssjukehus som styrer registeret.

Planlegg korleis du skal komme deg til og frå sjukehuset. 

Du må sjølv organisere transport og det beste for deg er om du kan bli henta. Ta kontakt med Pasientreiser dersom du er usikker. Ein får dekka standardsats hjå pasientreiser. Ein får ikkje noko ekstra for eigen bil eller sjåfør, då ein etter ein slik operasjon er i stand til å bruke offentleg kommunikasjon om ønskjeleg.

Overnatting

Førde sentralsjukehus

Treng du overnatting natta før du skal innleggast? På Førde sentralsjukehus finns det pasienthotell.

Lærdal sjukehus

Treng du overnatting natta før du skal innleggast? Det er pr i dag ikkje pasienthotell i Lærdal, men i sentrum finn du fleire overnattingsstadar. OBS: merk deg avstanden mellom sentrum og sjukehuset.

Nokre av dei er kun åpne i sesong. Ellers vil du og finne overnattingsmoglegheiter i Sogndal og Årdal.

Innkjøp av mat

Planlegg innkjøp slik at du slepp å reise på butikken dei fyrste dagane etter at du kjem heim.

Opprett kontakt med ein fysioterapeut

Dersom du ikkje har hatt fysioterapi før operasjonen tilrår me deg no til å orientere deg om fysioterapitilbodet på heimstaden din. Du treng ikkje henvisning for å få behandling av fysioterapeut, ta direkte kontakt og avtal behandlinga.

Opprett kontakt med kommunen

Dersom du trur du vil trenge kommunal rehabilitering, eller heimesjukepleie, kan det vera lurt å ta kontakt med kommunen på førehand for å førebu dei på at du vil trenge hjelp.

 

 

Store ortopediske inngrep vil vera forbunde med smerte dersom ein ikkje gir tilstrekkeleg smertestillande behandling.

Vi har eit omfattande smertebehandlingsprogram som gir den nødvendige smertelindringa.

Opplegget byggjer på ein basisbehandling som består av smertelindrande og betennelsesdempande medikament. Nokre vil ha behov for ytterligare smertebehandling. Medisinane vil ikkje ta vekk all smerte, men er meint til å halde det på eit nivå der du har et bra (blå/grøn sone på skalaen under). Det er ikkje farleg å ha sårsmerter og det betyr ikkje at noko er gale.

For å få best mogleg smertebehandling, er det viktig at du er åpen og ærleg om evt tidlegare forbruk av smertelindrande medikament. Det oppgir du ved samtale med lege på poliklinikken, eller når du kjem til avdelinga. Då er det lettare for oss å tilpasse behandlinga optimalt.

Det er og viktig å tenkje på at sosiale forhold (samlivsbrot, tap av arbeid, kven bur pasienten med, pågåande belastningar relatert til anna enn ortopediske problem, kulturell bakgrunn), psykiske forhold (angst/depresjon, tap i nær relasjon, alvorlig sjukdom i nær relasjon, motivasjon, opplevelse av tap av kontroll, smertefokusering), og fysiske forhold (som fysisk aktiviet, sjukehistorie), kan ha noko å seie for både det postoperative forløpet og smertebehandlinga.

For å måla effekten av den smertebehandlinga du får, brukar vi ein analog smerteskala (sjå bilete under). Denne går fra 0 til 10 og gir oss et mål på ditt behov for smertestillande medikament. Her står det og litt forklaring på tala, slik at du kan lettare setje tall på smerten du opplever. Når vi spør deg om kor sterke smerter du har på ein skala frå null til ti så er det denne skalaen vi meiner.

Bord
Smerteskala: Vurdering av smerter.

Behovet for smertestillende medikament er størst dei første dagane etter operasjonen. Det er viktig at du gir beskjed dersom smertene går ut over søvn, avspenning og trening, slik at du kan få meir smertestillande.

Denne videoen er laget av Nasjonal Kompetansetjeneste for Albuekirurgi i samarbeid med Hellevik Studio.

 

Dette bør du ta med til innlegginga

  • Krykkjer
    ​​Dersom du ikkje har krykkjer sjølv, vil du få det på avdelinga. Det er som regel ikkje naudsynt med andre hjelpemiddel etter operasjonen. Dersom du skal operere begge knær samtidig kan du vurdera behov for toalettforhøgar.
  • Toalettsaker og undertøy
  • Klede
    Pass på at bukser har vide nok bein til å gå over ein tjukk bandasje. Trange jeans er ikkje lurt.
  • Faste sko som sit godt på foten, gjerne joggesko med sklisikker såle. Det er viktig at skoa er romslege då foten vil hovne opp etter operasjonen. Ta gjerne med eit par sandalar/slippers for småturar.
  • Oppdatert medisinliste over dine faste medisinar. Ta med medisinane i originalemballasje. Ta ikkje med verdisaker som smykker og større pengebeløp.

Sjukdom og hud

Det er viktig at du er frisk når du skal opererast. Dette for å minimere risikoen for komplikasjonar i samband med operasjonen. Ring oss dersom du har: 
  • ​Forkjøling, feber, urinvegsinfeksjon eller andre infeksjonar i kroppen.
  • Sår, rifter eller kviser på huda rundt operasjonsområdet, då det kan vere inngangsport for bakteriar.
  • Sår andre stader på kroppen.
  • Vore innlagd på sjukehus eller gjennomgått kirurgiske inngrep (inkludert tannbehandling) sidan proteseoperasjonen vart bestemt. 
  • Er du plaga med hyppig urinvegsinfeksjon bør du ta ei urinprøve hos fastlegen din seinast tre veker før operasjonen. Er det aktuelt, kan legen din starte behandling raskt slik at du er klar til operasjon som planlagd.
  • Har jobba på sjukehus i utlandet siste 12 månadene. Prøver for MRSA, ESBL og VRE må da takast.

Tannstatus

Pass på å gjennomføre store tannbehandlingar i god tid før operasjonen. Er det lenge sidan du har vore hos tannlegen kan det vere greit med ein sjekk før operasjonen. Grunnen til det er at ein infeksjon i munnen kan spre seg til hofteprotesa.

Røyking

Dersom du røyker, rår vi deg til at du sluttar å røyke minst fire veker før operasjonen. Dette minskar risikoen for komplikasjonar betrakteleg. Røyking gjev auka risiko for alle typer komplikasjonar. Du kan få røykeplaster når du er innlagt hos oss. 

Medisinar

Du må ta med ei oppdatert medisinliste når du blir lagt inn for operasjon. Det er spesielt viktig at du tek med augedråpar og inhalasjonar du brukar fast. Desse brukar du som vanleg under opphaldet, all annan medisin får du av oss. Nyttar du blodfortynnande medisin vert dette vurdert av operatør medan du er på poliklinikken. Må ein slutte med blodfortynnande tablettar, vert dette vanlegvis erstatta med Klexanesprøyter i ein periode før operasjonen. 

Heimreise

Som regel kan du reise heim dagen etter operasjonen. Du må da meistre å bruke krykker, komme deg inn og ut av senga sjølv , kle på deg og klare å gå i trapper. Planlegg heimreise før du kjem inn, og avtal  med nokon som kan hente deg.

Førebuingar da​​​gen og kvelden før operasjonen

  • ​Du sjekker inn på pasienthotellet eller sengepost dagen før operasjonen. Klokkeslett står i innkallingsbrevet.
  • Du må vere på rommet ditt på pasienthotellet i 19-tida for å få tatt blodprøver.
  • Om kvelden skal du dusje og vaske deg med ei spesiell såpe kalla Hibiscrub. Denne og anna utstyr/klede du treng, får du av personalet på pasienthotellet. Dersom du har eksem, psoriasis eller er allergisk mot Hibiscrub, skal du bruke såpe som du nyttar til vanleg. Blir du innlagd på sengepost dagen før operasjonen, får du hjelp av personalet til desse gjeremåla. Personalet på pasienthotellet kjem med dine personlege eigendelar til sengeposten for deg.
  • Du skal faste frå klokka 02 natta før. Du kan drikke klare væsker (kaffi utan mjølk eller fløyte, te, vatn, saft og juice utan fruktkjøtt) inntil to timar før operasjonen. Er ein tidleg oppe, kan det vere ein fordel å ta seg litt drikke. 
  • Ein skal ikkje røyke eller snuse dei siste to timane før operasjonen.

  • Førebuingar før operasjonen 
    Du får ein samtale med legen som skal operera deg i forkant av operasjonen. Du får og møte fysioterapeut, som vil gi deg naudsynt informasjon om forløpet etter operasjonen.

  • Vask med Hibiscrub
    Kvelden før operasjonsdagen og om morgonen før operasjonen er det viktig at du vaskar deg med Hibiscrub, ei antibakteriell såpe. Denne får du på avdelinga. 

    Hibiscrub inneheld klorhexidin, dersom du er allergisk mot dette stoffet, eller har eksem eller annen form for kronisk hudsjukdom skal du bruke såpe som du nyttar til vanleg. Ta på rene klede etter dusjen. 

  • Faste
    Frå kl. 02.00 natta før operasjonen skal du faste. Dette betyr at du ikkje skal eta, drikke, røyke, snuse eller tygge tyggegummi. Dersom det er avtalt kan du eventuelt få litt klar væske morgonen på operasjonsdagen.

 

Ved innlegging ved Lærdal sjukehus

Meld deg i resepsjonen i 1. etasje når du kjem. Resepsjonen er stengt på kveld og natt. Da melder du deg direkte på vaktrommet  på Ortopedisk avdeling  i 3. etasje. Du kan ta direkte kontakt med avdelinga på telefon 57640180. Vi tek i mot deg, visar deg rundt og gir deg nødvendig informasjon.   

 

Du vert førebudd til operasjon på sengeposten. Du skal dusje med hibiscrub og få reine klede. Det vil og bli skifta sengeklede. Du vil få smertestillande medikament før vi køyrer deg til operasjonsstova. 
 
Du velja om du vil sova eller vera vaken. Under operasjonen er du heile tida overvåka av anestesisjukepleiar og narkoselege.  Når operasjonen er avslutta vil du bli overvåka på oppvakningsavdeling. Etter operasjonen er du nokre timar på oppvåkningsavdelinga. Her vil sjukepleiaren observere deg og passa på at du har det bra.  
 
Når du har fått følelse og full kontroll over beina, skal du gjere sirkulasjonsfremmande øvingar. 
  • ​​Beveg anklane aktivt opp og ned
  • Strekk kneleddet aktivt ved å presse knehasen ned i madrassen. Hald nokre sekundar og slapp av. Hald spenninga i 5 sekund og slapp av.  
På oppvåkningsavdelinga får du hjelp til å reise deg og gå med preikestol. Du kan belaste operert bein fullt. Alle er oppe med hjelp av pleiepersonalet, og står ved senga med prekestol om kvelden på operasjonsdagen. Du får også mat og drikke.  
 
Seinare kjem du tilbake på rommet ditt. Du skal opp fleire turar i løpet av ettermiddagen /kvelden på operasjonsdagen. Du vil få hjelp av sjukepleiarane og pleiepersonal til å komma deg inn og ut av seng den første tida dersom du har behov for det. Aktivitetsnivået aukast i samarbeid med fysioterapeutane. Du brukar dine eigne klede.
 

 

Etter operasjonen blir det lagt vekt på at du skal få best mulig rørsle i kneet, god muskelkontroll og at du kan forflytte deg trygt med krykkjer eller anna hjelpemiddel.

Gange

Du kan belaste protesekneet med full kroppsvekt innafor smertegrensa, men du er avhengig av sterk og god muskulatur for å kunne gå normalt utan hjelpemiddel. Vanlegvis brukar du preikestol operasjonsdagen, og krykkjer startar du opp med dagen etterpå. Ta heller fleire korte gåturar enn ein lang, og du auk aktiviteten gradvis etter avtale med fysioterapeuten. Ta gode pausar der du legg foten høygt for å unngå å stresse kneet.

Sjå instruksjonsvideo av riktig krykkjeteknikk, og gonge med krykkjer i trapp

Diagonalgonge med krykkjer (foretrekt teknikk)

 

Trepunktsgonge med krykkjer

 

Fysioterapi på sjukehuset

Du vil få behandling av fysioterapeut dagleg under opphaldet på sjukehuset. Fysioterapeuten vil trena med deg, og gi deg instruksjon i øvingar som du skal gjøre på eigahand.

Eigentrening

Det er mykje du sjølv kan gjøre for å fremje mobilitet og muskelkontroll. Du skal fleire gonger om dagen fylje program for eigentrening. Dersom kneet eller muskulaturen rundt blir meir vond kan du heller gjere ferre repetisjonar:

Passiv strekkøving av kneet

Forsøk å liggje med kneet mest mulig utstrakt, og bruk kun pute under kneet dersom du har behov for avspenning eller smertelindring. Ligg uten puta under kneet så lenge du klarar å slappe av. Puta kan også legjast under hælen slik at kneet tøyast ned mot underlaget av tyngekrafta.

Sirkulasjonsøvingar

For å fremje sirkulasjon skal du bevega oklene opp og ned 20 gonger ein gang i timen.

Napping av kneskjelet

Sit oppreist i senga med beina strekt ut framfor deg. Stram muskulaturen på framsiden av låret 10 gonger raskt etter kvarandre, utan at du tar "tar i for hardt". Kjenn at du bevegar aktivt på kneskjelet (patella) under bandasjen. Du kan gjere øvinga ca. annakvar vakne time.

Aktiv strekkøving (ekstensjon) av kneet

Sit oppreist i senga med strake bein langs underlaget. Fjern puta under kneet, og kjenn at kneet kvilar godt nedi underlaget. Stram muskulaturen på framsida av låret og strekk kneet aktivt. Hald nokre sekundar før du slepper opp. Utfør øvinga i 3 sett med 8 repetisjonar, 3 gonger for dagen. 

Strakt beinløft

Stram muskulaturen på framsida av låret og strekk kneet. Forsøk å løfte heile beinet strakt opp til du har ca. 45 gradar i hofta. Hald kneet strakt og senk roleg ned igjen, gjenta 10 gonger. Utfør øvinga fleire gonger for dagen.

Se instruksjonsvideo av øvingar du skal gjere på eigahand:

Strakt beinløft

Sirkulasjon

 

Tidspunktet for heimreise vert bestemt i fellesskap av lege, fysioterapeut og sjukepleiar. Ved heimreise forventar me at:
  • Du er godt smertelindra. 
  • Operasjonssåret er tørt. 
  • Du skal ha stødig gange med to krykkjer, også trygg i trapp. 
  • Du har tilstrekkjeleg funksjon i kneet. 

​Sjukeme​​lding 

Dei fleste blir sjukemeldt i ca. 3 mnd. Dersom du har ein jobb som er belastande for kneet, eller dersom du har særskilte problem etter operasjonen, kan det bli behov for ei  lengre sjukemelding. Du får med deg sjukemelding for dei 2 fyrste mnd. Eventuelt kan du få ein gradert sjukemelding slik at du kan vera delvis i jobb.  Deretter avtalar du vidare sjukemelding med fastlegen din.  

Medisinar /r​​eseptar

Du får resept på nødvendig medisinar( smertestillande, betennelsesdempande og blodfortynnande). Dersom du reiser heim i helga og ikkje har adgang til apotek, får du med deg tablettar for dei første dagane.   

Tr​​ansport 

Transport heim må du ordne sjølv. Vanlegvis er det beste for deg å bli henta. Dersom det ikkje er mogleg må du sjølv, i samråd med pasientreiser, organisere bruk av offentleg transport (buss,båt,fly). Drosje blir kun godkjent i særskilte tilfelle. Ein vanleg kneproteseoperasjon er ikkje grunn nok til å få innvilga drosje.  ​

Gå til pasientreiser for meir informasjon om transport. 

Operasjonssåret

Ved heimreise er operasjonssåret dekka med eit vanntett plaster. Dersom plasteret ikkje lenger er tett, skal det skiftast. Nye vanntette plaster får du kjøpt på apoteket.  
 
Dei som har sårklips skal fjerne desse etter 3 veker på legekontoret. Etter dette er det viktig å sjå etter at operasjonssåret gror godt.  
 
Det er fleire ting du skal vera oppmerksam på etter operasjonen: 
  • Sivning frå såret  
  • Aukande hevelse, raudme og varme lokalt i kneet 
  • Aukande  smerter og nedsatt bevelelighet 
  • Nedsett allmenntilstand med feber 
Dersom du merkar noko av dette må du umiddelbart ta kontakt med den legen som har operert deg. Telefonnummer finn du på slutten av epikrisen.  
 
Det opererte beinet kan vera noko hovent dei fyrste månadane etter operasjonen. Kneet kan virke stint og stivt og være vanskeleg å bøyge.   
 
Kneet vil ofte følast varmare fleire månader etter operasjonen. Dette er normalt og kjem av høgare stoffskifteaktivitet i det opererte vevet.    
 
På grunn av væskeansamling i leddet etter operasjonen kan det oppstå lydfenomener frå kneet. Vanligvis kan dette opplevast som "klikkelyder" eller små støt. Dette er normalt og heng saman med at det er væske i kneet. Dette vil forsvinne etter kvart.   
 
 "Blåmerke" i huda på det opererte beinet er normalt. Desse kjem av at blodansamling i kneet etter operasjonen blir tatt opp av kroppens lymfesystem og transportert ut i huda.  
Proteseoperasjonen innebærer stress for kroppen. Du har fått sterke medikamenter og mista blod.  
 
Det er difor naturlig at du kan føla deg uopplagt, trøtt og sliten den første tida etter operasjonen. Du skal difor ete sunn og proteinrik kost, og få i deg nok drikke.  ​

​Medikament

Du skal dagleg ta blodproppførebyggande medikament, til alt er brukt opp. Det er viktig at ikkje smerter hindrar vidare trening og betring av funksjon. Du bør bruke smertestillande medikament til du er komen godt i gang med fysioterapi i heimkommuna. Du kan evt. drøfte bruk av smertestillande med fysioterapeuten. ​​

Trening er ferskvare, så det er viktig at du held fram med øvingar også etter at du er utskreven fra sjukehuset. Eigentrening og den daglege aktiviten du gjør kvar einaste dag gir resultater!

Fysioterapi etter utskrivelse

Vanlegvis har man god nytte av fysioterapibehandling fleire gonger i veka den fyrste tida etter inngrepet. Fysioterapeuten tilpassar treninga individuelt og sikrar at du har god progresjon i opptreninga. Det er heilt normalt å følgast opp av fysioterapeut opp til eit år etter operasjonen, avhengig av kva slags funksjon i kneet du hadde før operasjonen, og kva slags aktivitar du ynskjer å returnera til.

Eigentrening

Sidan kneprotesa er avhengig av god stabilitet og sterk muskulatur for å fungera er det svært viktig at du trenar både med fysioterapeut og på eigahand. Nokre øvingar skal gjerast kvar dag, mens tyngre trening og lengre gåturar kan gjerast 3-4 gonger i veka.

Du skal gradvis auke aktivitetsnivået og veksle mellom aktivitet og kvile. Kneet kan følast smertefult under og etter trening, og det er normalt at leddet er hovent og varmt etter fysisk aktivitet. Ein eventuell reaksjon i leddet bør gå over innen eit døgn, og før du trenar igjen. Legg gjerne beinet høgt og kjøl ned med is etter trening. Det kan også vere naudsynt å nytta smertestillande eller betennelsesdempande medisin før eller etter trening.

Krykkjer

Ein hovudregel er at du skal kunne gå utan å halte, og med full strekk i kneet før du avviklar krykkjene. Du kan gå over til ei krykkje (på den frisk sida!) når du kjenner deg trygg nok. Som ein overgong kan det kan vere lurt å bruke gåstavar utandørs før du går heilt utan hjelpemiddel.

Gjenoppta aktivitetar

Det er viktig å være aktiv, både for protesekneet og din generelle helsetilstand. Det er få restriksjonar knytt til protesekneet, men introduksjon til nye aktivitetar og progresjon i treninga bør skje forsiktig og gradvis.

Du kan gå tur i ulendt terreng med eller utan krykkjer/stavar når funksjonen i kneet ditt tillet dette. For å løpe trengs det rask reaksjonsevne, god styrkje og stabilitet i kneet. Det er ikkje farleg å hoppe/løpe, men på sikt kan det gje økt slitasje på leddet og redusere levetiden på protesa. Det er anbefalt at du unngår aktivitet som utgjør en særskilt risiko for det opererte kneet (fotball, handball og anna lagidrett). 

Du kan sykle når du har oppnådd tilstrekkeleg bøy i kneet. Start roleg, kun eit par minutter uten belastning. Du kan starte med utendørs sykling når form og funksjon tillater dette. Dersom du fortsatt ikkje klarar å sykle rundt på sykkel 3 mnd. etter operasjonen ber vi deg om å ta kontakt med sjukehuset.

 

Ved all type kirurgisk behandling kan det oppstå komplikasjonar. I forbindelse med kneprotesekirurgi er komplikasjonsraten låg. 

Infeksjon

Infeksjon med bakterier er ein av dei alvorlegaste komplikasjonane. Slike infeksjonar er svært sjeldne (under 1 av 200 opererte).  
 
Infeksjonar kan i sjeldne tilfelle oppstå lang tid etter operasjonen. Bakteriar frå andre stadar i kroppen kan verte transportert med blodet og sette seg fast i protesekneet.   
Dersom det oppstår infeksjon kan det være naudsynt å bytte protesen. Antibiotikabehandling gjennom ein lengre periode vil være påkreva. 

Blodpropp

På grunn av forandringar i blodet sin samansetning etter ein operasjon, kan det danna seg propper av levra blod i beina. Desse blodproppane kan i enkelte tilfelle løsne og setta seg fast i lungene. Dette kallast ein lungeemboli. Ein slik lungeemboli kan være ein akutt og alvorleg komplikasjon som krevjar rask behandling.  

For å redusera faren for slike komplikasjonar får du blodfortynnande medisin under og etter operasjonen.  
 
Dei fyrste dagane får du blodfortynnande sprøyter, deretter tabletter.

Påverknad av nervefunksjon

I dei fleste tilfelle vil denne sjeldne komplikasjonen kunne oppstå ved korreksjon av visse typer feilstillingar i kneet (uttalt kalvbeinthet). Slike nervepåvirkingar er vanlegvis forbigåande.  
 
Dei fleste vil få nedsatt eller endra kjensle i huda på yttersida av kne og legg etter operasjonen. Årsaka er at små nerver i huden skjæres over ved operasjonen. I dei fleste tilfelle vil dette normalisere seg. 

Proteselosning

Protesedelane kan løsne frå beinet. Dette er ein sjeldan komplikasjon, men sjansen aukar med antall år etter operasjonen. Statistisk sett vil 5-10 % av kneprotesane løsne innan 15 år. Årsaker til løsning kan vera mekanisk slitasje, infeksjon, frakturar (beinbrudd omkring protesa) og feilbelastning. Dersom protesa løsner må den bytast ut.

Problem med såret

Vanlegvis vil såret gro etter 2-3 veker, men i enkelte tilfeller  må ein ha særskilte tiltak for å ha ei god tilheling. ( Operativ korrigering, vakumbehandling).

Nedsett rørsle i leddet

I nokre tilfelle kan det bli problem med å oppnå full strekk og tilfredsstillande bøyg, til tross for fysioterapi og eigentrening. Ein må då ta kontakt med oss, du vil bli sett opp til kontroll, og det vil bli drøfta ulike tiltak.  

Smerteproblem

Smerter i eit kne med kneproteser kan ha svært mange årsaker. Vanlegvis kan det skuldast over/feilbelastning.  Det kan og vera arrvevsproblematikk. Ein må då ta kontakt med oss, du vil bli sett opp til kontroll, og det vil bli drøfta ulike tiltak.
Sist oppdatert 10.04.2024