Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Leige av lokale til ambulansestasjon i Stryn

Helse Førde ser etter lokale til ambulansestasjon i Stryn. Har du lokale som kan eigne seg, eller ei tomt du kan utvikle og byggje ut til dette føremålet, ta gjerne kontakt.

Ein ambulanse parkert framføre ein garasje

Foto: Ambulansestasjon i Svelgen

Dette treng ambulansestasjonen

Helse Førde ser etter lokale på om lag 600 kvadratmeter brutto,
med følgande fasilitetar:

  • Garasjeplass for to ambulansebilar
  • Vaskehall for ambulansebil
  • Kjønnsdelt garderobeanlegg med urein- og rein sone
  • Vaskerom
  • Opphaldsrom m/ kjøkken
  • Kontor- og møterom
  • Fem soverom, der fire skal ha eigne bad.
  • Treningsrom
  • Diverse lager

Lokala må vere godt eigna for kvile, og vere godt støyisolerte.

Ambulansetenesta treng parkeringsplassar for eigne privatbilar,
ved ambulansestasjonen.

Har du eit eigna lokale, eller ynskjer du meir informasjon?                               
Ta kontakt med eigedomsforvaltar i Helse Førde:
Stein Bauge | 948 39 800
e-post: stein.henning.bauge@helse-forde.no

 

Marknadsdialog i Stryn

Teknisk drift  ved Helse Førde vil i lag med Sykehusinnkjøp invitere til ein marknadsdialog
i Stryn kulturhus,
tysdag 08.09.2026, kl. 11.00                                             

Vi vil her orientere nærmare om behovet vårt, og det vil bli høve til ein til ein- samtalar i etterkant av den felles orienteringa.

Påmelding til marknadsdialog:

Stein Bauge | e-post: stein.henning.bauge@helse-forde.no

 

Sist oppdatert 20.08.2026