Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Veggkunst ved barn og unge sin poliklinikk

Barn og unge poliklinikk

Poliklinikken tilbyr medisinsk utredning av barn og ungdom mellom 0-16 år, og har kontrollar og oppfølging av barn med kroniske sjukdommar opptil 18 år.

Dei mest vanlige sjukdomane vi behandlar er innan: Astma/allergi, diabetes/endokrinologi, mage-tarm, hjarte, nevrologi, nyre og urinveier, revmatologi, infeksjoner og nyfødtmedisin.

Praktisk informasjon:

Apoteket finn du i 1.etasje.  

Telefon; 57839850 

Opningstider; 

Måndag-fredag; kl 08.00-16.30 

Laurdag-søndag; stengt 

Vi har eit fint leikerom heilt i starten av avdelinga. Foreldrene har ansvar for å passe på barnet, og rydde opp etter seg. Ta av sko og utfør handhygiene før du går inn på leikerommet. 

Barn på smitterom har desverre ikkje lov å bevege seg ut på leikreommet. Men vi har ulike leikar og aktivitetar som de kan få inn på rommet. 

Vi har ein heilt ny og fantastisk flott leikeplass utanfor som er open for alle. Spørr sjukepleiar om ho kan vise veg.

 

 

Sist oppdatert 10.03.2026