Informasjon og råd om funksjonelle magesmerter hos barn og unge
Når undersøkingar ikkje viser teikn til sjukdom, samstundes som funksjonen i magen og tarmen er påverka, kallar vi det funksjonelle magesmerter. Dette er ein vanleg tilstand hos barn og unge, og sjølv om plagene kan vere belastande, kjem dei ikkje av ein underliggjande sjukdom. Her finn du informasjon og råd som kan vere til hjelp.
Kva kjem smertene av?
Funksjonelle magesmerter kan oppstå i heile mage- og tarmsystemet, og dei ulike tilstandane har derfor ulike namn.
Smertar ovanfor navlen og opp mot mellomgolvet blir kalla funksjonell dyspepsi. Desse smertene oppstår når veggane i matrøyret, magesekken og den øvre delen av tynntarmen er ekstra følsame for smerte. Funksjonell kvalme kan oppstå når rørslene i magesekken ikkje fungerer heilt som dei skal.
Smertar i området kring navlen blir kalla irritabel tarm-syndrom (IBS) når dei samtidig er knytte til endringar i avføringsmønsteret. Avføringa kan veksle mellom å vere laus og hyppig, eller hard og sjeldan. IBS oppstår når tynntarmen og tjukktarmen er ekstra følsame for smerte og rører seg på ein måte som kan forsterke plagene.
Ved slike funksjonelle tilstandar finst det ikkje betennelse eller andre påviselege skadar i magen eller tarmen. Funksjonelle magesmerter kan vere svært plagsame og påverke kvardagen, men dei er ikkje farlege.
Kvar kan eg få hjelp og lese meir?
Det kan vere vanskeleg å vite kvar man skal gå for hjelp eller kva nettstader som kan vere nyttige å lese. Her er nokre tips:
- Alle skular har ein helsesjukepleiar som er tilgjengeleg på skulen ein eller fleire dagar i veka. Sjå på nettsida til skulen for å finne ut kva som gjeld for skulen til barnet ditt.
- Alle kommunar har eit psykisk helsetilbod, og ei pedagogisk psykologisk teneste (PPT) der ein kan henvende seg utan tilvising frå fastlegen.
- Temabaserte råd til foreldre: Bufdir - foreldrekvardag
