Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Funksjonelle mage- og tarmsjukdomar hos barn

Magemigrene (abdominal migrene)

Migrene er ein sjukdom som gir anfall med sterk hovudverk, ofte kombinert med kvalme og sensitivitet for lys og lyd. Ved anfall av abdominal migrene (magemigrene) er det magen som gjer mest vondt.

Migreneanfall går over av seg sjølve, og etterpå er ein symptomfri fram til neste anfall kjem. Vanlege symptom ved magemigrene er plutselege magesmerter kring navlen, kvalme og bleikskap. Nokre kan også oppleve hovudverk og vere ekstra følsame for lys og lyd.
 

Det finst ingen eigne testar som kan påvise at eit barn har abdominal migrene. For å stille diagnosen brukar legar ei liste med spørsmål om bestemte symptom og mønster som vere til stades.
 
Anfall med abdominal migrene skil seg frå andre typar magesmerter ved at smertene er svært intense og gjer at barnet må avbryte alt det held på med. Anfallet varer vanlegvis meir enn éin time, og det er tydeleg når anfallet er over. Etter kvart som tida går og barnet har hatt fleire anfall med veker eller månader mellom, vil ein ofte merke at anfalla liknar kvarandre frå gong til gong.
 
For å utelukke andre sjukdomar vil legen ofte be om blodprøver, urinprøve og avføringsprøve. Nokre gonger kan det også vere aktuelt med ultralydundersøking av magen. Når undersøkingane viser normale funn, styrkjer dette mistanken om at plagene skuldast abdominal migrene.
 
Alle barn som blir tilviste til Avdeling for barn og unge i Helse Førde, får tilsendt eit digitalt spørjeskjema, «Rome IV-spørjeskjemaet». Dette skjemaet kartlegg symptom som kan vere foreinlege med abdominal migrene og andre funksjonelle mage- og tarmlidingar.
 

Symptomkriterier for abdominal migrene

Barnet ha hatt følgjande symptom meir enn to gonger dei siste seks månadene før diagnosen kan stillast:
  1. Gjentekne episodar med sterke og akutte smerter rundt navlen, i midtlinja eller meir diffuse smerter i magen som varer i meir enn éin time. Dette bør vere det mest alvorlege og plagsame symptomet.
  2. Episodane kjem med fleire vekers eller månaders mellomrom.
  3. Smertene er så sterke at barnet ikkje klarer å halde fram med vanlege daglege aktivitetar.
  4. Symptoma følgjer eit tydeleg og gjenkjenneleg mønster hos det enkelte barnet.
  5. Smertene er knytte til minst to av følgjande symptom:
    • nedsett matlyst (anoreksi)
    • kvalme
    • oppkast
    • hovudverk
    • lysømfintlegheit (fotofobi)
    • bleikskap
  6. Etter at barnet er undersøkt og vurdert av lege, kan ikkje symptoma forklarast fullt ut av ein annan medisinsk tilstand.

Magemigrene kan vere svært ubehageleg, men det er ikkje farleg.

Vi veit ikkje sikkert kvifor nokre får migrene. Barn har oftare abdominal migrene dersom andre i familien også har migrenesjukdom. Ein kan sjå abdominal migrene som ein måte kroppen reagerer ved ulike former for stress og belastning.
 
Mange barn og ungdomar med abdominal migrene utviklar etter kvart vanleg migrene når dei blir eldre. Dette tyder at dei to tilstandane er nært knytte til kvarandre.

  • Følg ein regelmessig søvnplan
  • Prøv å unngå kjende triggerar som visse matvarer eller stress
  • Noter ned anfalla i ei dagbok for å identifisere mønster eller triggerar
  • Lær avslapningsteknikkar for å handtere stress. 

Legen kan gi råd om livsstilsendringar som kan hjelpe. I nokre tilfelle kan legen også skrive ut medisinar som kan førebyggje migreneanfall, eller som lindrar smertene når eit anfall kjem.
 
Det er viktig å følgje råda frå legen og møte til oppfølging ved behov, slik at behandlinga kan tilpassast best mogleg.
Sist oppdatert 22.09.2026