Før du byrjar å trene på å puste med magen, kan det vere lurt å leggje merke til kva magemusklane dine faktisk gjer. Du sjølv, eller ein du stolar på, til dømes foreldra dine eller fastlegen din, kan prøve å leggje hendene varsamt på magen din og kjenne etter om det kjem ei rykkjerørsle i magen samstundes som du gulpar.
Når du merkar at magen rykkjer til når gulpet kjem, kan treninga starte. Då må du øve på å kontrollere magemusklane ved hjelp av pusten. Du kan øve når som helst på dagen, men for at det skal hjelpe mot gulpinga, er det viktig at du også gjer øvingane rett etter at du har ete. Pusteøvingar etter måltid har nemleg vist seg å redusere gulpinga hos personar med ruminasjonssyndrom.
Øvingane er svært enkle. Legg deg på golvet eller på ei madrass med hendene på magen. Deretter pustar du roleg inn og ut. Kjenn etter korleis magen rører seg når du pustar. Dersom magen blir større når du pustar inn og mindre når du pustar ut, gjer du det riktig.
Når du har øvd nokre gonger på å puste på denne måten medan du ligg, kan du gradvis prøve å puste på same måte medan du sit eller står. Hugs å puste roleg samstundes som du kjenner at magen utvidar seg når du pustar inn, og blir mindre når du pustar ut.