Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Funksjonelle mage- og tarmsjukdomar hos barn

Informasjon til foreldre

Vi på barne- og ungdomsavdelinga ønsker å sikre at barn med mage- og tarmplager får rask og effektiv utgreiing. For å få til dette har vi utvikla ein strukturert prosess som tek til allereie før tilvisinga blir sendt. Dette gjer at vi kan stille ei meir presis diagnose på kortare tid.

Før tilvisinga: førebuingar hos fastlegen

Før de blir tilviste til oss, ber vi fastlegen om å ta nokre enkle blod- og avføringsprøver. Desse prøvene hjelper oss med å utelukke vanlege årsaker til magesmerter. Dersom legen finn unormale verdiar, prioriterer vi rask undersøking på sjukehuset.

Normale prøvesvar kan tyde på at symptoma kjem av funksjonelle mage- og tarmlidingar. Det betyr at plagene ikkje skuldast ein underliggjande sjukdom, men ei funksjonsforstyrring i fordøyingssystemet.

Spørjeskjema for betre kartlegging

Når vi mottek tilvisinga, sender vi dykk to spørjeskjema på SMS. Saman med tilvisinga frå fastlegen og nødvendige prøvesvar vil svara i spørjeskjemaet vere med på å avgjere om barnet treng vidare utgreiing på sjukehuset, eller om vi kan tilrå vidare behandling hos fastlegen og i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

  1. Rome IV-spørjeskjema: Dette skjemaet kartlegg symptom som kan tyde på funksjonelle mage- og tarmplager, som til dømes irritabel tarm-syndrom (IBS).
  2. Spørjeskjema for oppfølgings- og alarmsymptom: Dette skjemaet er utvikla for å avdekkje alvorlege symptom som kan krevje rask medisinsk oppfølging.

Rask oppfølging hos fastlegen

Dersom prøvesvara og spørjeskjemaet ikkje viser teikn til sjukdom, kan vi raskt stille diagnosen funksjonelle mage- og tarmplager. Desse tilstandane krev som regel ikkje vidare utgreiing på sjukehus, men målretta oppfølging hos fastlegen.

Rettleiar for funksjonelle mage- og tarmsjukdommar for born 4-18 år

Samarbeid til beste for barnet

Når tilvisinga er ferdig vurdert, sender vi vår vurdering tilbake til fastlegen, saman med råd og relevant behandlingsinformasjon. Fastlegen vil deretter ha ei sentral rolle i den vidare oppfølginga. Ved behov kan fastlegen alltid tilvise barnet tilbake til Barne- og ungdomsklinikken ved Stavanger universitetssjukehus.

Vi håpar at denne strukturerte tilnærminga kan bidra til raskare betring for barnet dykkar. Saman kan vi sikre at barnet får den støtta det treng for å få ein betre kvardag.

Sist oppdatert 22.09.2026