Kreftavdelinga

Vi har det faglege ansvaret for medisinsk kreftbehandling, blodsjukdomar og lindrande behandling i Helse Førde. Avdelinga tar i mot vaksne pasientar med kreftsjukdom for utredning og behandling. Vi har sengepost, der tre senger er øyremerka lindrande behandling.

Kreftavdelinga i Helse Førde har det faglege ansvaret for medikamentell kreftbehandling i Sogn og Fjordane. Dei fleste behandlingar vert gitt ved Førde sentralsjukehus, men etter avtale vert også ein del behandlingar gitt ved Helse Førde sine sjukehus i Lærdal og Nordfjordeid

Kontakt

Postadresse

Helse Førde, Kreftavdeling, postboks 1000, 6807 Førde.

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Kva med ungane når eg er sjuk?

Råd til foreldre og omsorgspersonar når familien opplever alvorleg sjukdom.
Last ned brosjyren (pdf)
Barn-som-pårørande---folder-nett.jpg

Sexologisk rådgjeving for enkeltpersonar og par

Vi kan tilby hjelp til enkeltpersonar eller par med ulike seksuelle problem, og kan gje råd om førebygging av helseplager, og meistring av seksuelle utfordringar.
Sexologisk rådgjeving for enkeltpersonar og par
Et tre med røde prikker