Akuttmottak - Førde sentralsjukehus

Vi tek imot pasientar som vert lagt inn for øyeblikkeleg hjelp. På kveld, natt og helg tek vi og imot polikliniske pasientar.

Akuttmottaket nytter eit prioriteringsverktøy for å kartlegge kor alvorleg tilstanden er. Pasientane blir vurdert ut i frå innleggingsdiagnose, symptom og klinisk tilstand (puls, blodtrykk, pustefrekvens med meir). På bakgrunn av dette får dei ein hastegrad som seier noko om kor raskt dei treng tilsyn frå lege.

Opphaldstida i akuttmottak varierer. Nokon gonger kjem det inn svært sjuke eller skadde pasientar som må bli tatt hand om med det same. Dei som har mindre alvorlege tilstandar vil kunne oppleve å måtte vente litt lengre. 

Kontakt

Kontakt oss via VestDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Akuttmottaket ligg i 1. etasje på Førde sentralsjukehus. Ein kan kome dit via hovedinngang eller ved eigen inngang på baksida av sjukehuset (ambulanseinngang).
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde