Dialyse

Dialyseposten gjev livsnødvendig behandling til pasientar med behandlingstrengande nyresvikt. Vi tilbyr dialysebehandling til pasientar med både akutt og kronisk nyresvikt.

Vi tilbyr både hemodialyse (bloddialyse) og peritonealdialyse (posedialyse).
Vi utfører også LDL-aferese behandling, som betyr å fjerne kunstige feittstoff frå blodet.

Det er totalt 22 dialyseplassar fordelt på dei tre sjukehusa våre.

Behandlinga vert utført av sjukepleiarar og nyrespesialistar.

Vi tilbyr gjestedialyse ved kapasitet. Du må ta kontakt på førehand for å gjere ein avtale.

Ved bloddialyse vert blodet rensa ved hjelp av ei maskin og ei kunstig nyre.
Ved posedialyse vert avfallsstoff fjerna frå blodet gjennom bukhinna, som fungerer som dialysemembran.

Du møter til avtalt tid. Etter veging og blodtrykksmåling blir du kobla til dialysemaskina. Du blir overvåka av sjukepleiarar under heile behandlinga. Dialysetida kan variera frå 4-5 timar og behovet kan variera frå 3-4 gonger i veka.

Du får servert eit måltid og kan slappa av med aviser, TV , PC og liknande.


 

 


Dialyseposten har pasientopplæring ved Nyreskulen, eit tilbod til kroniske nyresviktpasientar og deira pårørande.

Kontakt

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Hemodialyse: Tlf.57839063
Åpningstider:

Man-ons-fred: Kl. 8-21.45
Tirs-tors-laurd: Kl. 8-15.30


Peritonealdialyse (PD) poliklinikk: Tlf.831486
Åpningstider: man-fred :8-15.30
Oppmøtestad: 4. etg. i hovudblokka. Følg skilting.


Hovudstasjonen ligg i Førde med 10 behandlingsplassar.

 Vi har to underavdelingar:
*Nordfjord sjukehus med 8 behandlingsplassar
* Lærdal sjukehus med 4 behandlingsplassar.

Parkering og transport
Pasientar i dialysebehandling som køyrer sjølv, får utdelt parkeringstillating for gratis parkering.
Har du behov for drosje til behandling, ordnar vi dette gjennom Pasientreiser. Det er ofte fleire som skal ta same drosje, det kan derfor bli noko venting.

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

En bygning med et flagg foran

Lærdal sjukehus

Sjukehusvegen 9

6887 Lærdal

En person som sitter på en benk foran en bygning

Nordfjord sjukehus

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid