Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medisinsk poliklinikk - Lærdal sjukehus

Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med indremedisinske problemstillingar innan mage/tarm og hjarte.

Det er fastlegen som i hovudsak tilviser deg til oss. Tilvisinga blir vurdert av aktuell spesialist, og det blir planlagt korleis utgreiinga skal gå føre seg. Tida det tek før ein får time vil variere etter problemstilling og kor alvorleg tilstanden er.

Du får brev der det vil stå kva undersøking du skal til, og om det er førebuingar du eventuelt skal gjere før du kjem til oss.

Gastroenterologi er læra om sjukdom i magen og fordøyingskanalen. Dette omfattar sjukdomsteikn og/eller sjukdom i spiserøyret, magesekken, tolvfingertarmen, tynntarmen, tjukktarmen, endetarmen, levra, gallevegane og bukspyttkjertelen.

Vi utfører gastroskopi, kolonskopi, tek ulike prøver, samt supplerer med biletdiagnostikk der det er naudsynt.

 

Som ledd i behandling for ulike kroniske sjukdomar tilbyr vi infusjonsbehandling. 

  • IBD (Inflammatoriske tarmsjukdommar)
  • Revmatologiske sjukdommar
  • Nevrologiske sjukdommar
  • Nyresjukdommar
  • Lungesjukdommar
  • Kreftbehandling
  • Blodtransfusjon

Vi tilbyr utgreiing, behandlar og følgjer opp pasientar med ulik form for hjartesjukdom.

  • Hjartepoliklinikk
  • Pacemakerpoliklinikk

Det blir lagt til rette for at konsultasjonar kan gjennomførast på video eller telefon, der dette er hensiktsmessig. Fleire kroniske pasientgrupper får tilbod om oppfølging via behovsstyrt poliklinikk

Kurs

  • Diabeteskurs for pasientar og pårørande to gongar i året
  • Hjarterehabilitering

Kontakt

Telefon

Kontaktsenter

57 64 00 28

Infusjonspoliklinikk

57 64 01 42

Hjerte-, mage- og tarm-poliklinikk

57 83 04 01

Kontakt oss via VestDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Lærdal sjukehus i 1. etasje, hovudinngangen. Registrer deg, og få informasjon om rett ventesone. 

Dersom du ønsker å endre timen din, sjå lenger nede på sida for rettleiing.

Institusjon med blomstrande frukttre og flagg framfor

Lærdal sjukehus

Sjukehusvegen 9

6887 Lærdal

​Buss

Fleire rutebusser går forbi Lærdal Sjukehus.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Lærdal er det også gode bussamband til Bergen og Oslo.

Flybuss

Næraste flyplass er Sogndal Lufthamn Haukåsen. Det er korrespondanseruter via Kaupanger – sjå rutetider på nettsidene til skyss.no.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

Barseleininga har familierom og ingen faste visittider.

Medisinsk sengepost:
11.30 - 12. 30 og 16.00 - 18.00

Ortopedisk:
Pårørande er velkomne heile døgnet.