Medisinsk seksjon - Nordfjord sjukehus

Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus har ansvar for medisinsk sengepost, medisinsk poliklinikk og medisinsk legeteneste. Vi utgreiar og behandlar pasientar innan indremedisinske sjukdommar, med behov for både øyeblikkeleg hjelp og planlagde tenester.

Dei mest sentrale indremedisinske områda er sjukdommar innan hjarte, lunge, mage-tarm, nyre, infeksjon, diabetes og andre hormonsjukdommar, men og samansette sjukdommar innan eldremedisin. Vi har tett samarbeid mellom seksjonane for å sikre fagleg, god kvalitet og ressursutnytting.

Vi samarbeider vi med andre avdelingar i Helse Førde for å gje pasientar og pårørande tilbod som fremjar meistring og livskvalitet, samt kvalitetssikring av verksett behandling. Tett samarbeid med kommunar og andre helseføretak er prioritert for at vi skal ivareta pasienttryggleik i overgangen mellom ulike behandlingsnivå.

I 2018 hadde medisinsk poliklinikk 5753 konsultasjonar, 337 pasientar fekk dagbehandling og 1191 pasientar fikk behandling i dialyse.
I same periode var det 1672 heildøgnsopphald ved medisinsk sengepost.

 

 

Kontakt

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

En person som sitter på en benk foran en bygning

Nordfjord sjukehus

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid