Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medisinsk poliklinikk - Nordfjord sjukehus

Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med indremedisinske problemstillingar innan mage/tarm, hjarte, lunge, eldremedisin, infusjon og diabetes.

Tilvising frå lege

Alle pasientar som kjem til poliklinikken er tilvist frå lege eller eit anna sjukehus.

Utgreiing og kontroll

Etter at diagnose er stilt vil legen vurdere om du vil ha nytte av ytterlegare medisinsk behandling. Ein del pasientar med kroniske sjukdommer kjem regelmessig til kontroll hos spesialist hos oss.

Oppmøte på sjukehuset

Før du kjem til sjukehuset mottek du ein sms med informasjon om oppmøtestad. Du kan enten registrere deg på telefonen, eller på registreringsautomaten som står rett innanfor hovudinngangen. Her får du informasjon om kvar du skal vente på å bli henta inn til behandlar. 

Når du er ferdig med timen din, mottek du ein ny sms med betalingsinformasjon. Du kan betale med Vipps, på betalingsautomaten ved hovudinngangen, eller motta faktura. 

Dersom du treng hjelp eller rettleiing, kan du ta kontakt med ekspedisjonen som ligg til venstre når du kjem inn hovudinngangen. 

Det er fastlegen som tilviser pasientar til behandlingar ved Nordfjord sjukehus. 

Behandling

  • Ultralyd hjarte
  • Belastnings EKG - sykkeltest
  • 24 timers registrering hjarterytme
  • 24 timers registrering blodtrykk
  • Pacemakerkontroll

Dei fleste pasientar med hjartesvikt blir behandla av fastlegen. Poliklinikken behandlar pasientar med avansert hjartesvikt, der det er behov for spesialistkompetanse i oppstart av behandlinga. 

  • Test av hjarte- og lungekapasitet med eventuell tilpassing av medikament. 
  • Opplæring, trening og individuelle samtaler for å fremje meistring og livskvalitet. 

  • Gastroskopi – undersøking av magesekk
  • Koloskopi – undersøking av tjukktarm
  • Rettleiing og oppfølging av kroniske tarmsjukdomar

Det blir lagt til rette for at konsultasjonar kan gjennomførast på video eller telefon, der dette er hensiktsmessig.  

Intravenøs behandling med biologiske legemiddel og cellegift:

  • kreftbehandling
  • immunterapibehandling
  • blodtransfusjonar
  • jernbehandling
  • blæreinstallasjonar
  • antibiotikabehandling
  • med meir

Infusjonspoliklinikken har tett samarbeid med legespesialistar på Førde sentralsjukehus og Haukeland universitetssjukehus.

Før enkelte kreftbehandlingar blir det gjennomført videomøte med spesialist i Førde. 

Vi rettleier, gir råd og informasjon om sjukdom, behandling og oppfølging av ulike plager som heng saman med sjukdomen. 

Utgreiing av eldre pasienter med samansette sjukdomar. Dette gjeld:

  • falltendens
  • polyfarmasi (fleire legemiddel som kan påverke kvarandre) 
  • demens
  • førarkortvurdering

Både pasientar og pårørande får invitasjon til konsultasjon, då pårørande er ein svært viktig ressurs for å kartlegge korleis pasienten fungerer i kvardagen.

Du vil møte fleire behandlarar i løpet av utgreiinga på samme dag. Det tverrfaglege teamet er samansett av indremedisinsk lege, alderspsykiater, ergoterapeut og geriatrisk sjukepleiar. 

Spesielt pasientar som skal til demensutgreiing kan gjerne oppleve det som slitsomt å møte fleire behandlarar. Støtte frå pårørande er difor viktig. 

Pasientar med diabetes type 1 skal ha årleg legekontroll, og desse blir jamnleg fulgt opp av diabetessjukepleiar.

Diabetessjukepleiar følger opp: 

  • opplæring i blodsukkermåling
  • oppstart/justering av diabetespumpe
  • kostrettleiing

Dei fleste pasientar med diabetes type 2 blir fulgt opp av fastlegen. 

Diabetespoliklinikken behandlar nokre av desse pasientane på førespurnad frå fastlegen.

Det blir arrangert diabeteskurs to gongar årleg. 

Vi tilbyr utredning, behandling og kontroll av dei fleste lungesjukdomar.

  • kols (kronisk obstruktiv lungesjukdom)
  • interstitielle lungesjukdomar
  • astma
  • lungekreft 

Pasientar med kols får tilbod om å delta på kolsrehabilitering som blir arrangert to gongar årleg.

Kontakt

Telefon

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Ekspedisjonen til poliklinikkane ligg til venstre når du kjem inn hovudinngangen.

Vi har felles ekspedisjon og telefonsystem for alle våre poliklinikkar.

Dersom du ynskjer å endre timen din, sjå lenger nede på sida for rettleiing.

En stor sykehusbygning med en plen foran seg

Nordfjord sjukehus

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid

Buss

Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Endre timeavtale

Du kan endre timeavtalen din sjølv på helsenorge.no
Logg inn for å endre time
Kvinne med briller som sit framfor ein dataskjerm med hodetelefonar med mikrofon