Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Medisinsk sengepost - Nordfjord sjukehus

Medisinsk sengepost er ein heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 overvakingssengar. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord, og tek i mot det meste av augeblikkleg hjelp frå dette området.

På medisinsk sengepost behandlar vi hjerneslag, hjarte- og lungesjukdomar, mage- og tarmsjukdomar, nyresjukdomar, diabetes, medisinsk avrusing, infeksjonsbehandling, kreftomsorg og lindrande behandling. 

I tillegg har vi ansvar for dialyseeininga ved Nordfjord sjukehus, der det vert utført dagbehandling for pasientar med avansert kronisk nyresvikt.

Dei fleste av pasientane våre kjem inn med behov for akutt hjelp, men vi har også nokre som blir planlagd innlagde.

Som pasient hos oss vil du treffe personale med høg kompetanse. Vi har legar med spesialitetar innan hjarte-, lunge-, gastroenterologi og generell indremedisin. Mange av sjukepleiarane våre har spesialitetar innan hjarte, lunge, intensiv, anestesi, geriatri, kreft og lindrande omsorg. Vi har også hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar, og er praksis-/ og læreplass for sjukepleiarstudentar og helsefagarbeidarar.

Vi har tett samarbeid med spesialitar i Førde og på Haukeland universitetssjukehus, og med kommunane i Nordfjord, avhengig av kva sjukdom pasienten har. 

Det er fastlegen som tilviser pasientar til behandlingar ved Nordfjord sjukehus. 

På dialyseeininga har vi 8 plassar, med behandlingar 6 dagar i veka. Denne eininga har tett samarbeid med dialyseposten i Førde, og har nyrespesialistar frå Førde som kjem på visitt jamnleg. 

Tilvisingar for behandling ved Nordfjord sjukehus skal sendast til Førde sentralsjukehus for vurdering. 

Kontakt

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Medisinsk sengepost ligg i 2. etasje på Nordfjord sjukehus og kan kontaktas på telefonnummer 57 86 41 50.

Dialysen ligg i 1.etasje på Nordfjord sjukehus og kan kontaktas på telefonnummer 57 86 41 52, i tida 08.00-15.00.

Einingsleiar for begge einingane kan kontaktas på telefonnummer 57 86 41 56 i kontortid måndag til fredag.

En stor sykehusbygning med en plen foran seg

Nordfjord sjukehus

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid