Forklaring på ord og uttrykk

Du vil finne mange ord og uttrykk innan spesialisthelsetenesta som kan vere vanskeleg å forstå. Vi vil her forklare nokre av dei som du kanskje lurer på kva betyr.

​​Vanlege ord og uttrykk du vil kunne møte

 

Aktivi​tør:

Fa​​​​garbeidar som motiverer og legg til rette for at personar skal vere aktive, aleine eller saman med andre.

Les meir her: Aktivitør | utdanning.no

An​​​gst:

Irrasjonell, uforklarleg eller fornuftsstridig frykt.
Les meir her: Angst | helsenorge.no

Bipolar​​ liding:

Humøret svingar meir enn det som er vanleg. Bipolar betyr "to polar" og desse polane står for mani og depresjon.
Les meir her: Bipolar lidelse | helsenorge.no

Dep​​resjon:

Nedstemtheit. Hovudsymptoma er at ein er ulukkeleg mesteparten av tida, har mist interessa for ting ein vanlegvis likar og at ein føler seg veldig trøytt.
Les meir her: Depresjon | helsenorge.no

Di​striktpsykiatrisk senter (DPS):

Tilbyr psykiatrisk behandling  i eit geografisk definert område. Det er eit desentralisert tilbod som består av sengepostar, polikliniske tenester og oppsøkande team.  Samarbeid med den kommunale helsetenesta står sentralt. Via fastlegen kan ein bli tilvist til DPS for utredning, behandling og evt. innlegging.

​​ECT:

Elektrokonvulsiv behandling inneber bruk av elektrisk stimulering for å framkalle eit kortvarig og kontrollert epileptisk anfall. Dette har dokumentert effekt på depresjon.

Emosjonsfo​kusert terapi:

Ein går djupare inn i kjenslene for å forstå og lindre smerte, og hjelpe pasienten til å nytte sine kjensler som ressursar til å ta betre vare på seg sjølv og dei rundt seg.

Etefo​​rstyrring:

Tankar, kjensler og atferdig knytt til mat, kropp og vekt overskygger det meste i kvardagen, og reduserer livskvaliteten.

Inte​rvensjon:

Å gripe inn, eller innblanding. Intervensjon innan helse handlar om å avbryte, setje i gang eller endre helseatferd/behandlingsmåte.

Kognitiv atfer​dsterapi:

Ein jobbar med innhaldet i tankar og kjensler og korleis dei påverkar oss, og lærer alteranative måtar å tenke, føle og handle på.

Legemidde​​​lassistert rehabilitering (LAR):

Personar som er avhengige av opioidar (morfin, heroin m.fl.) kan få behandling med medisinar som inneheld opioid, t.d. metadon.
Les meir her: LAR | helsenorge.no

Lege i spesialise​ring (LIS):

Etter 6 års medisinutdanning og 1,5 års turnusteneste, kan legen ta spesialisering i eit fagfelt. Spesialistutdanninga føregår over fleire år, med praksis, rettleiing og teori, i denne perioden har legen tittelen Lege i spesialisering.

Ma​​ni:

Oppspilt sinnsstemning med sterk sjølvkjensle og verketrong.

M​​entalisering:

Å tolke og forstå kva som ligg bak eigne og andre sine handlingar og reaksjonar. I terapien øver ein på å ha ei opa, undrande, nysgjerrig haldning til kva som føregår i eige og andre sitt sinn.

Meta​​kognitiv terapi:

I staden for å jobbe med innhaldet i ein deprimert person sine tankar, siktar metakognitiv terapi mot å redusere sjølve grubleprosessen. Behandlaren gir pasientane ulike øvingar og heimeoppgåver for å trene dei opp til å betrakte tankar utan å engasjere seg i dei.

Milj​øpersonale:

Sjukepleiarar, hjelpepleiarar og andre yrkesgrupper som jobbar i turnus og har dagleg kontakt med pasienten. 

Psykiat​​er:

Lege som har spesialisert seg i psykiatri (læra om sinnslidingar), dvs. 6 års utdanning som lege først, så 5 års spesialisering etterpå.
Les meir her: Psykiater | utdanning.no

Psykiatris​​​k sjukepleiar:

Sjukepleiar med spesialisering innan psykisk helsearbeid.

Psyko​dynamisk terapi:

Ein jobbar med å oppdage, forstå og behandle kjensler, fantasiar og opplevingar frå tidlegare og noverande relasjonar i livet.

Psyk​​olog:

Har 6 års utdanning frå universitet som rettar seg mot forståing, utgreiing og behandling av mentale tilstandar.
Les meir her: Psykolog | utdanning.no

Psykologspesialist:

Psykolog som har spesialisert seg innan eit fagområde, t.d. barnepsykologi, vaksenpsykologi eller rusfeltet. Spesialiseringa tek 5 år.

Ps​​ykose:

Forvirringstilstand.
Les meir her: Psykose | helsenorge.no

Ps​ykoterapi:

Gr.: sjelesorg. Samlenemning for ulike typar terapi som skal gje pasienten auka sjølvinnsikt og meistring.

S​​​chizofreni:

Å ha schizofreni betyr at du i periodar har vrangførestillingar eller hallusinerer. Du kan miste kontakta med den verkelege verda.
Les meir her: Schizofreni | helsenorge.no

Trau​​​me:

Hendingar som medfører psykologiske traumer kan t.d. vere vald, krigsopplevingar, overgrep, naturkatastrofer og ulukker. Behandlinga kan vere ulike typar terapi, men målet er uansett at pasienten skal få meir informasjon om traumereaksjonar og lære seg teknikkar for å handtere stress og symptom.

​Tverrf​​agleg spesialisert rusbehandling (TSB):

Rusbehandling utført av personell med medisinsk, psykologisk og sosialfagleg kopetanse, som fyller krav til helsetenester på spesialistnivå.

Sist oppdatert 09.01.2024