Psykiatrisk klinikk DPS Dag - tilvising
Vi har dagleg inntaksmøte for vurdering av nye tilvisingar.
Alle tilviste pasientar skal rettighetsvurderast i henhold til prioriteringsforskrifta og prioriteringsveileder – psykisk helsevern for voksne. Vurderinga av rett til nødvendig helsehjelp, og fastsetting av frist for oppstart av utgreiing/behandling, vurderast ut ifrå dei opplysningane som kjem fram i tilvisinga.
Følgjande opplysningar bør kome fram i tilvisinga:
- Kva behandling er ønska
- Aktuelle symptom
- Aktuell funksjonsskildring
- Aktuelle kartleggingar/testar (til dømes MADRS, BDI, BAI, HAD)
- Kva behandling/oppfølging er gitt fram til no, og effekt så langt?
- Tidlegare psykiske helseplager
- Kjende psykiske helseplager i nær familie
- Somatisk status
- Medisinar (dato for siste endringar og serumspeil)
- Eventuell rusmiddel-/legemiddelavhengigheit
- Cave
- Omsorg for barn
- Nettverk
- Pasienten sin motivasjon for behandling
- Fastlege bør vurdere korvidt pasienten er skikka for å ha førarkort der det er aktuelt
Relaterte vedlegg
Sist oppdatert 18.12.2023