Psykiatrisk klinikk - Akutt Døgn

Akutt døgn er ein lukka akuttpsykiatrisk sengepost for heile Sogn og Fjordane. Akuttposten har beredskap heile døgnet og gjev akuttpsykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Personalet er tverrfagleg samansett.

Akutt døgn har einerom med eige toalett og dusj. Sengeposten har låste ytterdører for å gje trygge rammer for deg og dei andre pasientane. Det inneber at du må kontakte personale for å gå ut eller kome inn i sengeposten.

Innlegging

Ved trong for akutt psykiatrisk hjelp skal fastlege, legevaktslege eller lege frå anna sjukehusavdeling sende tilvising til Akutt døgn. Sengeposten tek imot pasientar til både frivilleg og tvunget psykisk helsevern.

Målgruppe

Dei tilstandar som i hovudsak vil trenge akutt hjelp er psykoser, djupe depresjonar, sjølvmordstrua pasientar og akutte kriser.

Behandling

Akuttposten tilbyr allmenpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, stabilisering og behandling.

Som pasient får du tildelt fast terapeut. Dette er lege eller psykolog. På kvar vakt vil du få tildelt eigen miljøkontakt. Dette kan vere sjukepleiar, hjelpepleiar, miljøterapeut eller assistent. Behandlingstilbodet vil vere individuelt tilpassa og kan bestå av samtale med terapeut (psykoterapi), legeundersøking inkludert blodprøvar og urinprøvar, sosionomtenester, medikamentell behandling og ECT. Miljøterapeutiske tiltak består mellom anna av aktivitetar og støttesamtalar med miljøkontakt. Som ein del av behandlinga vert det lagt vekt på individuelt tilpassa formingsaktivitet, fysisk aktivitet og trening.

Lengde på innlegging varierer vanligvis frå eit døgn til få veker. Når den akutte sjukdomsfasen er over, vert det vurdert kva oppfølging du treng vidare.

Vi ønskjer å ha god kontakt med pårørande og samarbeidande instansar.

Akutt døgn har ein barneansvarleg som har fokus på barn som pårørande.

Kontakt

Kontakt oss via eDialog

DPS akutt døgn - Førde

Akutt døgn er ein av fleire seksjonar i Psykiatrisk klinikk og har 14 sengeplassar. Vi tilbyr akutt behandling til pasientar frå heile fylket, heile døgnet. Vi tek imot pasientar til både frivilleg behandling og behandling under tvang. Sengeposten er lukka. Det inneber at dørene er låste og at alle pasientar, pårørande og andre besøkande må kontakte personalet for å gå ut eller komme inn.
Les meir om akutt døgn
Akutt døgn finn du i psykiatribygget ved Førde sentralsjukehus.

Kva med ungane når eg er sjuk?

Råd til foreldre og omsorgspersonar når familien opplever alvorleg sjukdom.
Last ned brosjyren (pdf)
Barn-som-pårørande---folder-nett.jpg