Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

PSK sikkerheit

PSK sikkerheit er ein lukka sikkerheitspost for heile Helse Førde sitt opptaksområde. Seksjonen har eige ambulerande team (AST). Vi tek imot pasientar under både frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Personalet har ulik fagleg kompetanse.

Sikkerheitsposten har einerom med eige bad. Posten har låste ytterdører. Det inneber at du må kontakte personale for avtale om utgang.

Innlegging

Tilvisingar om innlegging/overføring kjem oftast frå andre sengepostar i spesialisthelsetenesta.

Målgruppe

PSK sikkerheit er ein spesialpost for personar med alvorleg sinnsliding og betydeleg risiko for valdeleg atferd overfor andre, eventuelt med kompliserande tilleggsproblem som alvorleg personlegdomsforstyrring og rusmisbruk.

Behandling

Behandlinga omfattar utgreing, individuell behandling og rehabilitering/re-etablering i samfunnet.

Som pasient får du tildelt fast terapeut. Dette er lege eller psykolog. På kvar vakt vil du få tildelt eigen miljøkontakt. Behandlingstilbodet vil vere individuelt tilpassa. Miljøterapeutiske tiltak består mellom anna av aktivitetar og støttesamtalar med miljøkontakt. Som ein del av behandlinga vert det lagt vekt på individuelt tilpassa aktivitetstilbod.

Lengde på innlegging vil vere tilpassa deg og din situasjon/behov.

Vi ønskjer å ha god kontakt med pårørande og samarbeidande instansar.

Seksjonen har barneansvarleg som har fokus på barn som pårørande.

 

Kontakt

Kontakt oss via VestDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Dagabygget


Visitt tid:

Det er høve til å motta besøk mellom kl. 16:00 og 20:00. Besøk foregår på eige besøksrom.

Besøk må vere avtala og planlagt dagen i førevegen. Besøk andre tider enn det som er oppgitt, ta kontakt med personalet.