Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO)

Vi er ei spesialistteneste i Helse Førde sitt område. Habiliteringsavdelinga gir helsetenester til pasientar over 18 år med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetjing. 

Tilbodet rettar seg mot personar over 18 år med medfødde eller tidleg erverva funksjonsnedsetjingar. Dette omfattar tilstandar som har oppstått før fylte 18 år, og kan inkludere utviklingsforstyrringarhjerneskadar, syndrom med kognitiv svikt og utviklingshemming. Dei som vart tilvist til habiliteringstenesta for vaksne har kognitiv svikt.  

Habiliteringstenesta for vaksne i spesialisthelsetenesta tilbyr utgreiing, observasjon, kartlegging, diagnostikk og behandling. Tenesta inkluderer funksjonsutgreiing, miljøbaserte tiltak og oppfølging, samt råd og rettleiing til pasientar, pårørande og fagpersonar. Behandling kan skje både poliklinisk og ambulant, og nokre tiltak rettar seg mot støtteapparatet rundt pasienten, som til dømes opplæring og veiledning av personalgrupper. 

Rettleiing er ei tidsavgrensa fagleg støtte knytt til ein konkret pasient, basert på tverrfagleg kartlegging. Målet er å bidra til tilrettelegging og utvikling, og rettleiinga inneheld både kompetanseoverføring og praktisk bistand til pasient og pårørande. 

Spesialisthelsetenesta har ei plikt til å medverke når det gjeld tiltak etter kapittel 9 i helse- og omsorgstenestelova. Dette omfattar både å bidra ved utforming av tiltak (§ 9-7) og å støtte gjennomføringa (§ 9-8). Regelverket skal sikre rettstryggleik for personar med utviklingshemming, og bidra til å førebyggje og avgrense bruk av tvang og makt.

Kommunen har hovudansvar for habilitering av innbyggarane sine, og kan tilvise til spesialistheilsetenesta ved problemstillingar som krev kompetanse ut over det ein kan forvente frå kommunen. 

Tilvising til oss må kome frå lege eller spesialisthelsetenesta. 

Dersom tilvisinga gjeld bruk av tvang og makt kan den overordna fagleg ansvarlege for vedtak i kommunen sende direkte tilvising til Habiliteringstenesta. I mange høve er det likevel formålstenleg at fastlegen er involvert, for å sikre at moglege helseproblem vert utgreia. Ved tilvisingar som gjeld Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, krev vi ikkje samtykke. 

Helse Førde føretrekk elektronisk tilvising. Det må opplysast om følgjande i tilvisinga: 

  1. Buform 
  2. Arbeid/skule/dagtilbod 
  3. Har pasienten ansvarsgruppe/individuell plan? 
  4. Kjente diagnosar 
  5. Opplysningar om relevante utgreiingar/spesialistvurderingar. Legg ved kopiar dersom du har desse tilgjengeleg. 
  6. Aktuell problemstilling. Spesifiser kva du ønskjer at Habiliteringstenesta skal bidra med. Dersom tilvisinga gjeld diagnostisering av ein sjukdom eller ei liding, treng vi opplysningar om bakgrunnen for denne mistanken. 
    NB! Legg gjerne med utdjupande problemstillingar frå dei som har dagleg kontakt med pasienten. 
  7. Namn, adresse og tlf.nr. til tenesteytar som Habiliteringstenesta skal samarbeide med i forhold til denne tilvisinga. 
  8. Kven som samtykker til tilvisinga – pasient/andre. 
  9. Behov for tolk. 
  10. Namn på fastlege, dersom denne ikkje er tilvisar. 

Svarbrev på tilvising vert sendt til pasienten, tilvisande lege og ev. andre samarbeidspartar som det er opplyst om og gitt samtykke til i tilvisinga. Svarbrev vert sendt innan 10 arbeidsdagar etter mottatt tilvising.  

Dersom pasienten får rett til helsehjelp, står det i brevet kva type helsehjelp som vil bli gitt, tid for første time og namn på ansvarleg behandlar. Dersom vi vurderer at pasienten ikkje er i vår målgruppe, vil tilvisinga bli avvist eller sendt vidare til annan avdeling i spesialisthelsetenesta. Ved avvising vil vi gi råd om rett instans i svarbrevet. 

  • Poliklinisk oppfølging  
  • Ambulant oppføging i pasienten sin heimkommune 
    Ambulante tenester gir oppfølging i pasientane sine heimkommunar, ofte i nært samarbeid med hjelpeapparatet i kommunane og pårørande. Arbeidsforma vekslar mellom ambulant oppfølging i 17 kommunar i den nordlige delen av Vestland fylke og poliklinisk arbeid på dei lokale psykiatriske klinikkane i Helse Førde sitt oppdragsområde.
  • Veiledning til samarbeidande personell 
  • Kurs og undervisning til samarbeidande personell 

Habiliteringsavdelinga si kursverksemd rettar seg mot fagpersonell, pårørande og pasientar. 

Habiliteringsavdelinga for vaksne tilbyr fleire kurs på bestilling. Kursa er eigna for helsepersonell og tenesteytarar for vaksne med utviklingshemming, autisme og tilleggsvanskar som epilepsi, angst, depresjon og andre psykiske lidingar. Vi tilbyr også kurs i MAP (Møte med Aggresjonsproblematikk), som vi arrangerer i samarbeid med psykiatrisk klinikk. Under finn du oversikt over kursa våre.  

Kursomtale

Vil tilbyr òg arbeidsseminar/workshop i samband med oppfølging av pasientar

  • Kompetanseoverføring til samarbeidspartnar med fokus på behova til den enkelte pasienten

Spørsmål om kurs/undervisning kan sendast på e-post til merete.haga.stavang@helse-forde.no 

Kontakt

Postadresse

Helse Førde, Vaksenhabiliteringa, postboks 1000, 6807 Førde.

Kontakt oss via VestDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 2. etasje på Psykiatrisk klinikk i Dagabygget, ved Førde sentralsjukehus.

Våre opningstider er 08.00-15.30 kvar vekedag.