Nordfjord BUP

Nordfjord BUP er eit poliklinisk spesialisthelsetilbod innanfor psykisk helsevern. Vi gjev tilbod til barn og ungdom under 18 år og deira familiar.

Vi gir eit tilbod for born, ungdom og familiane deira i kommunane Gloppen, Hornindal, Eid, Selje, Stryn og Vågsøy.

Tilbodet består av ulike typar tverrfagleg utgreiing- og poliklinisk behandling, ofte i tett samarbeid med familie og med kommunale hjelpeinstansar, skule og barnehage med meir.

Dei vanlegaste tilstandane som vi behandlar er: Angst, depresjon, uro og konsentrasjonsvanskar, reaksjonar knytt til akutt krise/traum, eteforstyrringar og anna.

Skjema for tilvising til psykisk helsevern for barn og unge

Kontakt

Telefon

Måndag til fredag 08.00 - 15.30.

Postadresse

Helse Førde, Nordfjord BUP, postboks 1000, 6807 Førde.

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sjukehusvegen 7, 6770 Nordfjordeid.

Nordfjord barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (Nordfjord BUP) held til i eit grått hus med raude lister og raudt tak like nedanfor Nordfjord sjukehus og Nordfjord psykiatrisenter.

Buss

Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.