Sosionomtenesta

Sosionomtenesta kan hjelpe deg med å meistre krevjande livssituasjonar, anten du er pasient eller pårørande.

Sjukdom kan føre til økonomiske, praktiske og personlege utfordringar ikkje berre for deg, men også for familien og nettverket ditt.

Sosionomen kan mellom anna hjelpe deg med:

  • informere om trygderettar og sosiale stønadar, offentlege og private hjelpeinstansar
  • rådgjeving i høve til arbeid, utdanning, økonomi og bustad
  • informere om søknadsprosessar og hjelpe til med å formulere og sende søknadar
  • formidle kontakt med det lokale hjelpeapparatet
  • vere nokon å snakke med når du opplever at det er vanskelig å meistre livet
  • vere ei mellommenneskeleg støtte ved psykiske og kjenslemessige reaksjonar, til dømes ved alvorlig sjukdom og død
  • førelese i kurs og gruppetilbod knytt til mestring av kronisk sjukdom, smerteproblematikk og moglege konsekvensar av sjukdom og behandling

Kontakt

Kontakt sosionom

Personalet på avdelingane og i poliklinikkane, kan formidle kontakt med sosionom.

Kontakt oss via eDialog

Slik finn du fram

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde