Bekymring for barn 0-3 år
Når det gjeld små barn, skal ein ta all bekymring på alvor og ha låg terskel for å sette i verk tiltak.
Barn kan vere i risiko for skeivutvikling og psykiske vanskar sjølv om dei viser tilsynelatande små teikn eller symptom. Små barn er sårbare for faktorar i miljøet rundt dei, som den psykiske eller fysiske helsa til dei føresette. Teikn som kan gi grunn til bekymring, er at barnet blir veldig stille og tilbaketrekt, gir lite kontakt eller respons, har innsovningsvanskar eller spisevanskar, er veldig uroleg, gret mykje og er vanskeleg å trøyste, eller at barnet snakkar lite og strever med å gjere seg forstått.
Psykisk helsevern for barn og unge skal utgreie, diagnostisere og behandle moderate til alvorlege psykiske lidingar. Kartlegging og behandling i BUP skjer i tråd med nasjonalt behandlingsforløp Psykiske lidelser – barn og unge - Helsedirektoratet som skal sikre framdrift, brukarmedverknad og samhandling.
Kartlegging ved bekymring barn 0-3 år
Ved oppstart av ei ny sak skal BUP gjere ei grunnleggande basisutgreiing av utviklinga, vanskane og ressursane til barnet. Basisutgreiinga kan bestå av:
- Samtale og anamnese med føresette for å kartlegge
- Tilknyting
- Utvikling i sped- og småbarnsalder
- Emosjonell, motorisk, sosial og fagleg utvikling
- Familie- og omsorgssituasjon (no og tidlegare)
- Psykososialt miljø (no og tidlegare)
- Ressursar hos barnet, i familien og nettverk.
- Den psykiske og somatiske helse til barnet og føresette, rusmiddelbruk og levevanar
- Observasjon av barnet
- Innhenting av opplysningar frå helsestasjon og barnehage og andre relevante tenester
Ut frå funn i basisutgreiinga blir det vurdert om det er grunnlag for utvida utgreiing av barnet sine vanskar eller utvikling. Små barn kan vise små symptom og likevel vere i risiko for skeivutvikling. Det skal derfor vere låg terskel for utvida utgreiing av vanskane. Ver særleg oppmerksam på at sosial tilbaketrekking er eit alvorleg symptom hos små barn. Barnet sine vanskar kan òg vere reaksjonar på situasjonen til føresette, som fysiske helseutfordringar, psykiske belastningar, rusavhengigheit, vanskeleg økonomisk situasjon, arbeidsløyse eller konfliktar mellom føresette. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.
For barn i aldersgruppa 0–3 år kan den utvida utgreiinga bestå av:
- Kartlegging av symptom og utvikling ved bruk av kartleggingsverktøy.
- Somatisk legeundersøking og supplerande medisinske undersøkingar ut frå indikasjon.
- Kognitiv vurdering og utviklingsvurdering.
- Vurdering av samspel og tilknyting mellom barnet og føresette.
- Kartlegging av foreldrestress (Parenting Stress Index, PSI).
- Kartlegging av symptom på spesifikke tilstandar, eksempelvis autismespektervanskar, reguleringsvanskar, tilknytingsforstyrring, traume og etevanskar.
Ut frå kartlegginga gjer BUP ei heilskapleg vurdering av barnet si fungering og utvikling, vanskane og den psykososiale situasjonen til barnet. Det bør vurderast kva som er årsak til dei vanskane barnet har, og kva som eventuelt er oppretthaldande faktorar. Vidare skal BUP gjere ei diagnostisk vurdering i tverrfagleg team med spesialist. For barn alder 0–3 år blir rettleiar DC: 0-5 brukt i tillegg til ICD-10. Føresette får deretter tilbakemelding om dei vurderingane som er gjort, og informasjon om ulike behandlingsalternativ. BUP kan sende utgreiingsrapport til fastlege/tilvisar og andre instansar etter samtykke frå føresette.
Tiltak ved bekymring barn 0-3 år
Behandlar skal saman med føresette utarbeide ein behandlingsplan som skildrar planlagde tiltak. Behandling for barn i denne aldersgruppa vil alltid involvere føresette. Aktuelle behandlingstilbod kan vere:
- Psykoedukasjon og opplæring til føresette om ulike psykiske helseplager/utviklingsvanskar
- Programbasert foreldrerettleiingsprogram som blir gitt individuelt eller i gruppe
- Tilknytingsbasert rettleiing til føresette
- Psykoterapi for barn med psykiske helseplager som eksempelvis reguleringsvanskar, tilknytingsvanskar eller åtferdsvanskar
- Traumebehandling for barn som har vore utsett for traumatiske hendingar
- Rettleiing til kommunale instansar som barnehage, PPT eller barnevern
Tiltaka ska bli evaluert løypande i samtaler med føresette og i samarbeidsmøte med andre instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet og føresette får hjelp som er nyttig og verksam, og at rette tenester følger opp. Det skal også bli gjort faste evalueringar i behandlingsforløpet for å vurdere effekt av tiltaka og behov for endring av behandlingsplanen. Den første evalueringa skal skje etter seks vekers behandling, og deretter med tolv vekers intervall.