216 treff
- Abort - Spontan abort og missed abortionEin spontanabort er når svangerskapet går til grunne før fosteret er levedyktig. Dette skjer i 10 til 20 prosent av alle erkjente svangerskap. Spontanabort kan skje så seint som i 22. svangerskapsveke, men 97 prosent skjer i løpet av dei første tolv vekene.
- Abort, kirurgiskVed kirurgisk abort blir det gjort ei utskraping frå livmora. Inngrepet kan gjerast fram til og med svangerskapsveke 12, regna frå siste menstruasjons første dag.
- Abort, medikamentell heimeabortI Noreg har kvinner lovfesta rett til sjølvbestemt abort innan utgangen av 12. svangerskapsveke. Seinare i svangerskapet må søknaden behandlast av abortnemnda ved sjukehuset.
- Abort, medikamentell på sjukehusDu kan få medikamentell abort på sjukehuset fram til og med veke 12 i svangerskapet. Seinare i svangerskapet må søknaden bli behandla av abortnemnda ved sjukehuset for at aborten skal kunne bli gjennomført.På same måte som ved heimeabort vil du få eit medikament som startar abortprosessen. Etter to dagar kjem du tilbake til sjukehuset for å gjennomføre aborten her.
- Abort, planlagtI Noreg har kvinner lovfesta rett til sjølvbestemt abort innan utgangen av 12. svangerskapsveke. Seinare i svangerskapet må søknaden behandlast av abortnemnda ved sjukehuset.
- AbstinensbehandlingAbstinensbehandling blir gitt etter individuelle behov, der vi prøver å kartlegge og bevisstgjere deg på dine abstinenssymptom. Auka bevisstheit og forståing kan dempe ubehaget. Både medikamentelle og ikkje-medikamentelle hjelpemiddel kan vere aktuelle.
- ADHD hos barn og ungeVed mistanke om ADHD hos deg som er barn/ungdom, kan foreldre/føresette kontakte barnehagen, skulen, helsesjukepleiar eller fastlegen. Eller desse tek kontakt med foreldre/føresette ved mistanke om ADHD. Dei vurderer i fellesskap om det er grunn til å gå vidare til kommunale tenester, som til dømes PPT eller fastlegen, som igjen vurderer behovet for å tilvise til spesialisthelsetenesta.
- ADHD hos vaksneADHD står for attention-deficit/hyperactivity disorder og kan kjennast igjen ved uttalt merksemdssvikt, uro, rastløyse og impulsivitet. ADHD-diagnosen kan også bli stilt når symptombildet hovudsakleg er kjenneteikna ved merksemdssvikt (ADD).
- Akutt tåresekkbetennelse - opning av abscessTåresekkbetennelse gir smertefull, raud hevelse like nedanfor augekroken inn mot nasen. Det kan også gje sjukdomsfølelse og feber. Dette kjem som regel av tårekanalar. Om betennelsen ikkje lar seg behandle med antibiotika, kan det vere aktuelt å åpne byllen kirurgisk.
- AlderspsykiatriAlderspsykiatri er spesialisthelseteneste for personar som får ein psykisk sjukdom etter fylte 65 år. Det kan vere angst, depresjon, psykose, demens eller andre psykiatriske sjukdommar. Utgreiing og behandling kan føregå både poliklinisk, ambulant og ved innlegging på sengepost.
- AlkoholproblemNår alkoholbruken har komme ut av kontroll, og du har utvikla ein avhengnad, vil ein vesentleg del av behandlinga vere å få kontroll på impulsane til å bruke alkohol – uansett årsak.
- ALS, muskelsvinnsjukdomALS er en sjelden progressiv nervesykdom som forårsaker gradvis svinn av motornevroner i hjernebarken og ryggmargen. De første symptomene ved ALS er ofte svekkelse i en arm, i et bein eller utydelig tale. Hos noen kan ALS gi kognitive vansker.
- AmmingInformasjon om ammestart og ammeråd som kan vere nyttige den første tida etter at barnet ditt er fødd.
- Angstlidingar hos vaksne - generalisertAlle blir bekymra og engstelege frå tid til annan, og ein bekymringslaus tilstand er verken mogleg eller ønskeleg. For nokre tar likevel bekymringane overhand.
- Anoreksi hos vaksne, døgnbehandlingAnoreksi er en alvorlig psykisk lidelse som kjennetegnes ved utilstrekkelig matinntak som fører til undervekt (BMI under 17,5), intens frykt for vektøkning, og vedvarende atferd som forhindrer vektøkning. Selvfølelse er overdrevent relatert til kroppsbilde, og mange syns det er vanskelig å forstå alvoret i situasjonen.
- AugedryppingDet er fleire grunnar til ein må bruke augedropar, for eksempel grøn stær, drypping etter operasjon eller infeksjonar. Augedropane er på lik linje med annan medisin og du skal nytta dei slik legen har gitt beskjed om.
- AugekatarrDet er forskjellige former for øyekatarr (konjunktivitt). Øyekatarr kan ofte skyldes allergi, virus eller bakterier, og den kan være akutt eller kronisk. Det er i seg selv ikke en farlig øyesykdom. Øyekatarr diagnostiseres og behandles vanligvis hos fastlegen. Dersom dette ikke gir noen bedring, kan fastlegen vurdere å henvise deg til øyelege.
- AugeloksbetennelseAugelokkbetennelse (blefaritt) er ein kronisk tilstand som krev dagleg pleie. Ved augelokkbetennelse er det høg bakteriell tettleik, og vi må derfor utsette injeksjonsbehandling og operasjon. Om du pleier augelokkantane dagleg, kan du unngå antibiotikabehandling.
- Avrusing alkoholAvrusning frå alkohol bør skje på institusjon når det er fare for alvorlege avrusingsreaksjonar, når du tidlegare har hatt delirium tremens (akutt forvirring utløyst av alkoholabstinens) eller abstinenskramper. Det er også tilrådeleg viss du har samtidige alvorlege somatiske eller psykiske helseproblem, andre kompliserande tilstandar (som graviditet) og viss du har avhengigheit av fleire rusmiddel eller blandingsmisbruk.
- Avrusing benzodiazepinerAvrusing på institusjon inneberer medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å kome gjennom avrusings- og abstinensfasen ved benzodiazepinavhengigheit. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.
- Avrusing opioiderPersonar som ønsker avrusing av opioider bør innleggast på institusjon etter anbefaling frå helsedirektoratet sine retningsliner for avrusing. Opioider er her brukt som felles nemning på preparat/rusmiddel som for eksempel heroin, morfin, metadon og buprenorfin.
- Avrusing på institusjonAvrusning på institusjon bør vurderes når ett eller flere av følgende forhold er tilstede: Avhengighet av flere rusmidler, injeksjonsbruk, omfattende blandingsmisbruk av flere rusmidler, tidligere komplikasjoner ved avrusning og kompliserende tilstander (som graviditet).
- Band på livmorhalsen (Cerclage)Cerclage blir brukt i eit forsøk på å hindre for tidleg fødsel. Cerclage er eit band som blir sydd rundt livmorhalsen (cervix) for å hindre at den opnar seg. Nytt av cerclage er omdiskutert, og først etter nøye vurdering blir denne behandlinga tilbydd.
- BeinmargskreftBeinmergskreft eller myelomatose er ein sjukdom som kan ha eit svært ulikt forløp frå person til person. Det er ein alvorleg sjukdom som begynner i plasmacellene i beinmergen. Oftast blir beinmergskreft behandla med cellegift og/eller stråling.
-1
Side1av 9
3