Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Aksekorreksjon i kne

Aksekorreksjon og/eller korreksjon av rotasjonsfeilstilling rundt kne, hofte eller ankel blir gjord hos barn og vaksne for å rette opp feilstillingar i beina. Operasjonen kan korrigere aksefeil som hjul- og kalvbeintheit, eller ei inn- eller uttåing

Kvifor blir behandlinga gjennomført?

Behandlinga blir gjennomført fordi du har ei skeivstilling i beinet som ikkje blir korrigert spontant. For å unngå overbelastning på hofte, kne og ankel, og risiko for slitasje og smerter på sikt, kan du få tilbod om ein korreksjon av feilstillinga med kirurgi. Målet med behandlinga er å få retta opp aksar.

Tilvising og vurdering

Dersom du har aksefeil, blir du først vurdert av ortoped på poliklinikken. Du må ta røntgen av beina for å finne årsaka til kvifor du har feilstilling og grad av feilstilling. På desse bileta vil ortopeden også kunne avgjere kvar feilstillinga sit og kvar korreksjonen skal skje.

I tilvisingsteksten ønsker vi informasjon om:

  • namn og fødselsdato
  • vekt og høgde (dersom mogleg operasjonskandidat)
  • akutt skade eller snikande debut
    • Detaljert opplysningar om smerter: Lokalisering, utstrålande, smerter andre stader?
    • Svikt? Låsninger? Tidlegare operasjonar?
  • funn ved klinisk undersøking:
    • Rørsleutslag? Hevelse? Stabilitet sideband? Kraft? Nerveutfall?
  • bildediagnostikk:
    • Resultat av bildediagnostikk, når og kvar er dette utført?
    • Pasientar over 50 år med smerteplager – røntgen med belastning er førsteval – artrosevurdering.
    • MR berre hos pasientar med sikre mekaniske plager og/eller yngre med akutte oppstått plager.
  • behandling utført og effekt av denne (for eksempel fysioterapi)
  • om pasienten ønsker operativt tilbod, om det er aktuelt
  • yrke og sjukmeldingsstatus
  • faste medikament
  • andre sjukdommar
  • behov for tolk

Før

Korleis kan eg førebu meg?

Du får tilsendt eigenerklæringsskjema om helse som du må fylle ut og ta med til innlegginga. Dersom du er sjuk, må du kontakte oss før innlegging. Dersom du i forkant av behandlinga må gjere nokre førebuingar, vil informasjon om dette vere lagd ved i innkallingsbrevet.

Under

Korleis går behandlinga føre seg?

Den dagen du kjem til innlegging for operasjon vil du møte ortoped, anestesilege, fysioterapeut og sjukepleiar for samtale. Vi ønsker å få vite litt om deg og gjere nødvendige undersøkingar for å førebu operasjonen. Vi vil gi informasjon om kva som skal skje av førebuingar før operasjonen, under operasjonen og vidare på sengeposten. Du skal ta blodprøver og eventuelt andre undersøkingar som legane treng, for eksempel røntgen.

​​​Faste

​​Før operasjonen/undersøkinga må barnet faste. Dersom barnet ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsette timen.

Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal barnet ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Spedbarn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal barnet unngå drops og tyggegummi, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre. Barnet kan drikke klare væsker fram til 1 time før operasjon/undersøking: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Barnet kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk: Skal stoppast 6 timar før
  • Morsmjølkerstatning: Skal stoppast 4 timar før
  • Morsmjølk: Skal stoppast 3 timar før
  • Drops og tyggegummi, røyk og snus: Skal stoppast 2 timar før
  • Klare væsker: Skal stoppast 1 time før

Dersom barnet likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.​

På operasjonsdagen

Den dagen du skal opererast, vil du få hjelp av sjukepleiar til å gjere deg klar for operasjon. Er du under 18 år, kan du ha med ein forelder opp til operasjon til du har fått narkose. På operasjonsavdelinga vil du møte operasjonssjukepleiar og anestesisjukepleiar som passar på deg under operasjonen. Sjølve operasjonen skjer i full narkose. Under operasjonen legg dei eit kateter inn i blæra di. Det er eit mjukt gummirøyr som går via urinrøyret til blæra og som gjer det mogleg å følgje med på urinproduksjonen. Dette kateteret blir fjerna på sengeposten så raskt det lèt seg gjere, slik at du kan gå på toalettet på vanleg måte.

Gjer det vondt?

Det vil vere noko smerte knytt til å operere beinet. Under operasjonen vil anestesilegen leggje inn ein nerveblokade som gir kontinuerleg bedøving ned i det beinet som er operert. Denne vil trappast ned og fjernast i god tid før utskriving. Du vil gjennom heile innlegginga få tett oppfølging av lege og sjukepleiar som passar på at du er godt smertestilt.

Kor lenge varer behandlinga?

Sjølve operasjonen vil vare mellom 60-120 min Du må rekne med å vere innlagd på sjukehuset i cirka fem dagar.

Etter

Kva skjer etterpå?

Etter operasjonen vil du ligge på oppvakningsavdeling før du blir køyrd tilbake på sengeposten. Du vil ha ein bandasje over operasjonsområdet og det er vanleg at beinet blir hovent og det kan komme ein del blod i bandasjen. Mange opplever at nerveblokaden gjer at ein ikkje har full kraft i operert bein. Du får hjelp av sjukepleiar til å finne gode stillingar i senga.

Fysioterapi

Mens du er innlagd på sjukehus, får du tilbod om fysioterapi éin til to gonger per dag, og i helga ved behov. Du skal trene på å komme deg rundt på eigenhand, øve på å gå på krykker og fysioterapeuten skal lære deg øvingar du kan gjere mens du er innlagd og når du kjem heim. Før du reiser, skal du meistre å gå med krykker i trapp.

Fysioterapeuten kan ta kontakt med fysioterapeuten din på heimstaden og gi informasjon om anbefalt vidare oppfølging.

Restriksjonar

Du vil få beskjed om kor mykje du kan belaste og trene det opererte beinet etter operasjon. Dette avheng av kva type operasjon du har gjort. Du må i dei fleste tilfelle bruke krykker fram til beinet er grodd og meistrar å gå utan å halte. Dersom du har ein fysisk krevjande jobb vil det ofte vere behov for sjukmelding i behandlingsperioden fordi du ikkje kan belaste beina som normalt. Dette blir vurdert i samråd med ortoped i kvart enkelt tilfelle.

Må eg ta medisinar?

Nokon har behov for smertestillande etter heimreise. Behovet for reseptbelagde eller reseptfrie medisinar blir bestemt i samråd med ortoped.

Skal eg til kontroll eller følgjast opp på nokon måte?

Du kjem til kontroll hos ortoped og eventuelt fysioterapeut på poliklinikken seks veker etter operasjon. Du skal ta røntgen av beinet i forkant av kontrollen. På kontrollen ønsker vi å høyre korleis det går med deg og vurdere røntgenbilde. Vi vil undersøke funksjonen din, styrke og rørsle og eventuelt justere lokal fysioterapioppfølging/eigatrening dersom det er behov for det. Du vil få beskjed om vidare belastningsrestriksjonar.

Oppfølging

Du vil framleis ha kontrollar på poliklinikken for å sikre at du oppnår tilfredsstillande funksjon. Hyppigheita på kontrollane blir bestemd av legen.

Når kan eg komme tilbake på skulen?

Etter at du blir skriven ut frå sjukehuset er det ofte greitt å vere heime nokre dagar. Du kan starte opp på skulen så fort du er klar for det.

Treng eg fleire hjelpemiddel enn krykkjer?

Dette avheng frå person til person og type inngrep du skal gjere. Dette kan bestemmast medan du er innlagd på sjukehuset.

Kan eg ha kroppsøving med ein gong eg startar opp på skulen?

Når du reiser heim frå sjukehuset, vil du få med eit skriv om at du treng tilpassa kroppsøving. Kroppsøvingstimen kan brukast til å gå til fysioterapeut eller gjennomføre eigentreningsøvingar. Du kan vere med på delar av kroppsøvingstimen etter kvart når du klarer det. Dette blir avtalt med lege på kontrollane.

Kor lenge må eg gå til fysioterapeut?

Vi tilrår at du blir følgd opp av fysioterapeut heilt til du kan bevege deg fritt rundt og meistre fritidsaktivitetar som før operasjonen.

Ver merksam

Risiko, komplikasjonar og faresignal

Som ved all kirurgi er det risiko for infeksjon og bløding i samband med inngrepet. Teikn på infeksjon kan vere væskande sår, vond lukt frå bandasjen, feber, auka smerte eller at huda blir raud og hoven. Kontakt avdelinga ved teikn på feber. Det kan vere teikn på infeksjon.

Sist faglig oppdatert 01.09.2023

Kontakt

  • Kontakt Avdeling for anestesi, intensiv og operasjon (AIO)

    Oppmøtestad

    Førde sentralsjukehus: Pasientar som skal møte til operasjon, møter ved dagkirurgisk senter i 2. etasje i Svanabygget (houdblokka). Sjå i innkallingsbrevet ditt, dersom du skal møte opp dagen før. 

    Nordfjord og Lærdal sjukehus: Pasientar melder seg i ekspedisjonen i 1. etasje. 

    Anestesipoliklinikken og intensiv sengepost ligg i 2. etasje på Førde sentralsjukehus. 

    En stor bygning med en stor plen foran seg

    Førde sentralsjukehus

    Svanehaugvegen 2

    6812 Førde

    En stor sykehusbygning med en plen foran seg

    Nordfjord sjukehus

    Sjukehusvegen 14

    6770 Nordfjordeid

    Institusjon med blomstrande frukttre og flagg framfor

    Lærdal sjukehus

    Sjukehusvegen 9

    6887 Lærdal

    Transport

    Buss

    Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

    På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

    Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

    Flybuss

    Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

    Parkering

    Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

    Taxi

    Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

    ​Buss

    Fleire rutebusser går forbi Lærdal Sjukehus.

    På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

    Frå Lærdal er det også gode bussamband til Bergen og Oslo.

    Flybuss

    Næraste flyplass er Sogndal Lufthamn Haukåsen. Det er korrespondanseruter via Kaupanger – sjå rutetider på nettsidene til skyss.no.

    Parkering

    Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

    Taxi

    Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

    Buss

    Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.

    På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

    Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

    Parkering

    Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

    Taxi

    Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

    Praktisk informasjon

    Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

    ​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

    På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

    Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

    Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

    ​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

    Les meir om eigendelar på helsenorge.no

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

    ​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

    Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

    Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

    Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

    ​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

    Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
    I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

    Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

    Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

    ​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

    Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

    Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

    Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

    Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

    Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

    Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
    Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil. 

    ​I 7. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

    Pasienthotellet har 36 senger fordelt på 10 enkeltrom og 13 dobbeltrom.

    ​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

    Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

    Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

    Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

    Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

    Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

    Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

    1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
    2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
    3. Les nøye gjennom vilkåra.
    4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
    Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
     
    • Akuttmedisin:
      Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
    • Barneavdeling:
      Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
    • Kirurgisk:
      Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
    • Kreft:
      Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
    • Kvinneklinikken:
      Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
    • Medisinsk:
      Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
    • Nevrologisk:
      Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.
    • Ortopedisk:
      13.30-16.00 og 17.30-19.30.

    Barseleininga har familierom og ingen faste visittider.

    Medisinsk sengepost:
    11.30 - 12. 30 og 16.00 - 18.00

    Ortopedisk:
    Pårørande er velkomne heile døgnet.

    God start eininga:
    Barseleininga har visittid heile døgnet.

    Medisinsk sengepost:
    14.00-15.00 og 18.30-19.00.

  • Kontakt Ortopedisk avdeling