Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Aktiv overvåkning ved prostatakreft

Viss du har ein lågrisiko prostatakreft, det vil seie ein snill kreft, kan det beste alternativet vere aktiv overvaking med jamlege blod- og vevsprøver. Dette for å sikre at du får behandling dersom sjukdommen utviklar seg.

Ved aktiv overvaking behandlar vi ikkje kreften med det same, men følger ei eventuell utvikling nøye med blodprøver (PSA- målingar) kvar tredje månad, MR-undersøkingar og nye vevsprøver. Kontroll skjer hos fastlege eller på sjukehuset. Med denne tilnærminga slepp du ubehagelege biverknader av behandling i form av ereksjonssvikt og inkontinens, og kan fortsette å leve som normalt.

Mange pasientar i denne kategorien vil aldri ha behov for behandling og kan bevare sin normale livskvalitet. I dei tilfella der kreften utviklar seg, vil vi oppdage dette med kontrollopplegget, slik at vi kan setje i verk behandling når det trengst.

Før

Det er ingen førebuingar i samband med denne behandlinga.

Under

Under aktiv overvaking vert sjukdommen din nøye overvaka for teikn til utvikling. Ei PSA-blodprøve og digital rektal undersøking (DRE), kontroll av prostata gjennom endetarmsopninga, vert gjennomført med jamne mellomrom.

Det blir også tatt MR-undersøking av prostata i starten av aktiv overvaking. Vi tar også nye vevsprøver (biopsiar) av prostata, etter eitt, fire og sju år. Dette blir gjort på urologisk poliklinikk. 


Etter

Det kan vere grunnlag for behandling i form av kirurgi eller strålebehandling viss testar eller undersøkingar indikerer at kreften utviklar seg. Dersom du ikkje er tilfreds med å vere på aktiv overvaking, får du når som helst drøfte dette med urolog og eventuelt få tilbod om radikal behandling.     

Sist faglig oppdatert 08.04.2026

Kontakt

Kirurgisk avdeling

Kontakt Kirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.