Akutt funksjonssvikt – fysioterapeutisk undersøking
Undersøkinga kartlegg funksjonsnivået ditt.
Før
Det er ingen førebuingar til denne undersøkinga
Under
Fysioterapeuten snakkar med deg og gjer ei grundig undersøking for å kartlegge funksjonsnivået ditt.
Fysioterapeuten sjekkar:
- korleis du kjem deg inn og ut av senga
- korleis du går
- balansen din
- kor lett du fell
- kor sterk og bevegeleg du er
- fysioterapeuten utfører nevrologiske testar og lungeundersøkingar der det kan vere aktuelt.
Det kan også vere nødvendig med grundigare undersøkingar, for eksempel standardiserte testar.
Undersøkinga er ikkje smertefull.
Etter
Fysioterapeuten tar ei kort oppsummering av resultata frå undersøkinga med ein gong etter at undersøkinga er ferdig og rapporterer om sine viktigaste funn frå undersøkinga til den behandlingsansvarlege legen til pasienten. Saman med resten av det tverrfaglege teamet blir det laga ein behandlingsplan for pasienten.
Du treng ikkje ta nokre spesielle forholdsreglar etter undersøkinga.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Fysioterapi og førebygging

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Lærdal sjukehus
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal

Nordfjord sjukehus
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Sunnfjord medisinske senter
Hans Blomgate 39
6905 Florø